Bok

Borte alle stader

Tomas Espedal komponerer eit mylder av fortetta korttekstar som kjennest relevante og aktuelle.

Tomas Espedal debuterte som forfattar i 1988. Han har fått fleire litterære prisar og er utgjeven i 24 land.
Publisert Sist oppdatert

Sjølv om det står «Noveller» på framsida av den siste boka til Tomas Espedal, er det kanskje ikkje så overraskande at tekstane ikkje akkurat ligg innanfor det vanlege novelleformatet. Meir enn noveller er dette fragment og korttekstar, av ulik lengde, som renn nedetter boksidene i éin myldrande straum utan titlar, berre skilde av blanklinjer.

Sjangernemninga på framsida kunne nesten ha stått med hermeteikn rundt seg, dette er hybridtekstar. Dei har klåre narrative element, men like tydelege kjenneteikn frå poesien. Mest av alt er dette noko heilt eige og svært originalt.

Fleire av motiva kan vi kjenne att frå tidlegare bøker av den kosmopolitiske bergensforfattaren: å reise, å drikke, å gå og gå langt og å gå i feil retning, om å leve med ein annan, leve med barn, å forlate og bli forlaten. Døden – og sjølvsagt kjærleiken. Karakterar og motiv blir gjentatt og utvida i ein vrimmel av scener og små soger, det kan sjå flimrande og tilfeldig ut, men når ein har lese boka ferdig, ser ein at mange av scenene speglar kvarandre, og at det har skjedd ei utvikling. Slik sett har boka ikkje berre preg av novelle og dikt, men også av roman.

Livskjensla

Den tydelegaste gjennomgangsfiguren er Karel, som ein kan mistenkje er nokså lik forfattaren. I byrjinga er Karel ramma av skrivesperre, noko Espedal sjølv tydelegvis fint har kome over. Mens det ennå er for sent er skriven med stort trykk og overskot, ja, tekstsamlinga er så breiddfull at ho mest renn over. Om eg skal våge meg på ein merkelapp på prosjektet, er det kanskje skildringar av forsøk på å strekkje seg mot ei livskjensle som kan famne både det vakre og det grufulle i eit menneskeliv.

Boka inneheld ein del groteske scener. Det er ikkje desse eg set høgst, men dei er relevante og akutt aktuelle i den absurde og brutale røynda som stadig rykkar tettare innpå oss. Her er scener frå krigsrøynda i Ukraina, og ei soge om mishandling av oksar som i den grad er blitt «produksjonsdyr» at dei ikkje kan gå på sine eigne bein. Her er òg ei forteljing om ein ektemann som høgg kroppsdelar av kona når ho vil forlate han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement