Bok
Bokkrigane
Trass i spådommar om at den digitale revolusjonen ville undergrave bokbransjen, har han klart seg forbausande godt og mykje betre enn mange andre medieindustriar.
Amazon vart grunnlagt i 1994 og dominerer no både bok- og strøymemarknaden i USA.
Foto: Eric Risberg / AP / NTB
Vi er vitne til ein kamp om marknader i bokbransjen – internasjonalt så vel som i Norden og Noreg. Dette er temaet for boka Book Wars med undertittelen The Digital Revolution in Publishing. Forfattaren er John B. Thompson. Han er professor emeritus i sosiologi ved universitetet i Cambridge og har tidlegare gitt ut to bøker om internasjonal forlagsindustri: Books in the Digital Age (2005), som handlar om britisk og amerikansk akademisk publisering, og Merchants of Culture (2010), som tek for seg allmennforleggeriet i USA og Storbritannia.
Store forlagskartell kjøper seg opp og vert endå større. Nokre eksempel: Den tyske multinasjonale giganten Bertelsmann Penguin Random House har kjøpt amerikanske Simon and Schuster. Harper Collins har teke over Houghton Mifflin Harcourt. I Frankrike er mediegiganten Vivendi i ferd med å ta over Hachette, som også har ei stor amerikansk avdeling.
Dei store forlagsgruppene kjøper verksemder med store digitale plattformer som ei utviding av den tradisjonelle bokutgjevinga. Ei av dei plattformene som veks med stor fart, er lydbøker. Mange av plattformene har likevel ikkje bakgrunn i forlag. Dei byrja som reine salskanalar. Eit nordisk eksempel er Storytel.
Dramatisk tiår
Book Wars tek til med ei skildring av situasjonen i den amerikanske bokbransjen på 1990-talet. Det var eit dramatisk tiår. Dei store bokhandlarkjedene vaks og slukte mindre, uavhengige bokhandlarar. Amazon blei grunnlagt i 1994. Det hadde som resultat at fleire store kjeder gjekk under i konkurransen. Store internasjonale forlagsgrupper blei større, og det såg ut til at bokforlaga ville bli delar av omfattande integrerte mediekonsern.
Medan dette skjedde, byrja det som Thompson kallar «den digitale revolusjonen». Han blei betrakta med undring og frykt i bransjen. Ville han føre til at papirboka som medium ville bli erstatta av elektroniske tekstformat? Ville bokhandlane forsvinne til fordel for distribusjon av tekstfiler over nettet? Ville forlaga miste rolla som mellomledd mellom forfattarar og lesarar? Utviklinga i musikkindustrien blei sett på som ei form for «mene tekel».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.