Bok
Xis autokratiske pragmatisme
Boka til Sun Heidi Sæbø er viktig fordi Xi Jinping openbert kjem til å prege den internasjonale dagsordenen framover.
Kina-dekkinga i norske medium har vore prega av landets straffeeksersis mot Noreg. Difor har det vore langt mellom dei lengre forteljingane, bøker som tek opp viktige tema i eit større format. Sun Heidi Sæbø burde ha alle høve til å avhjelpe ein slik situasjon. Ho har studert og reist i Kina, og ho er ein driven journalist i norsk dagspresse.
Prosjektet hennar har vore å fotfølgje verdas mektigaste mann, Xi Jinping, mot toppen. Berre det er nok til å sjå nærare på boka, sjølv om Kagge Forlag ikkje har kunna motstå freistinga for å bruke den slitne salsfrasen «Den nye supermakten» som lokketittel. I det store og heile serverer Sæbø norske lesarar eit høgst leseverdig portrett av Xi, med ein gjennomgåande sidekommentar til to av Xis samtidige som fekk ein heilt annan lagnad, nemleg Liu Xiaobo og Liu Xia.
Turbulent barndom
Boka følgjer Xi frå ein turbulent barndom gjennom «konfirmasjonen» hans på landsbygda under Kulturrevolusjonen. Kommunistpartiet har lagt lok på det meste som har med Kulturrevolusjonen å gjere, men Xi har klart å gjere erfaringa til ein grunnstein i mytebygginga si (sjølv om han også skal ha prøvd å rømme tilbake til byen).
Vi blir med til Xis første postering i Zhengding i Hebei-provinsen, deretter til byen Xiamen sør i Fujian-provinsen, så på provinsnivå i Zhejiang, før han til slutt blei ryddegut i Shanghai etter ein større korrupsjonsskandale der. Derfrå bar det til Beijing og nedst ved bordet i Kommunistpartiets mektige Sentralkomité, men frå då av gjekk det raskt. Han fekk ansvar for at sommarolympiaden i Beijing i 2008 gjekk etter planen, og det gjorde han – for alle som ville sjå korleis autokratiske statar byggjer opp perfekte fasadar.
Xis verksemd fram mot kroninga i 2012 er ein nøkkel til å forstå korleis han kunne lande øvst i partihierarkiet, men her er Sæbøs forteljing noko tynn. Tradisjonelt har folk som går til topps i Partiet, måtta ha eit par år på å konsolidere personleg makt. Xi, derimot, var klar frå dag éin. Forklaringa må i betydeleg grad liggje i at han kunne kapitalisere på farens gamle nettverk, og at han nedkjempa den viktigaste utfordraren, den mektige partileiaren i Chongqing, Bo Xilai.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.