Bok

Xenofobiens grimme andlet

Min Jin Lee skriv om fem generasjonar i ein lang roman der breidda utgjer styrken.

Min Jin Lee skriv om koreanske immigrantar i Japan.
Min Jin Lee skriv om koreanske immigrantar i Japan.
Publisert

Fenomenet framandfrykt er like gamalt og universelt som det er urettvist og absurd. Intoleransen er truleg lettare å få auge på når han blir utøvd av folk under himmelstrøk fjernt frå våre eigne.

Japan har fare brutalt fram i fleire av nabolanda sine. På byrjinga av 1900-talet annekterte Japan Korea og tynte innbyggarane det beste dei kunne. Sidan kom det fleire krigar og endå meir naud over eit folk som har vore hersa med av både framande og interne makter i fleire tusen år. Koreanarane har gong på gong demonstrert ei seig evne til å overleve. Dette er utgangspunktet for handlinga og personane i romanen frå amerikansk-koreanske Min Jin Lee.

Livskvalitet

Sunja er den einaste dottera til ein mann med eit handikap og den oppofrande kona hans. Dei bur og lever som fiskarbønder i enkle kår på ei øy sør i Korea. Når far til Sunja dør, må dei to kvinnene klare seg sjølve. Livet er hardt arbeid frå morgon til kveld. Sunja blir forført og sett barn på av den listige Hansu, dobbelt så gamal og mange gonger så rik – og dessutan gift. Mora tenkjer at livet hennar er spolert, som ho seier: «Det er mennene som bestemmer kvaliteten på kvinnenes liv.» Inn i soga kjem så ein reddande engel i form av ein forkomen kristen prest, som bankar på hos dei ein sein kveld. Etter å ha blitt pleidd attende til livet, frir presten og reiser med Sunja til Japan. Romanen handlar deretter om livet til denne slekta av eksilkoreanarar i det like så mektige som intolerante nabolandet. Ikkje eingong i femte generasjon blir dei godtatt som fullverdige borgarar. Dei må anten skjule den koreanske identiteten sin så godt dei kan, eller leve med stigmaet det er å vere ein «skiten koreanar». Tilfelle og flaks avgjer om du stig eller søkk, som i spelet pachinko, som er ein type flipperspel.

Pachinko er ei heltehistorie, om ei stolt og arbeidsam ætt som klarar seg mot alle odds og som heller enn å ta imot almisser, jobbar seg både halvt og heilt forderva hos eit folk som foraktar dei. Dette er eit sentralt poeng og utgjer ei ryggrad i det mangslungne romanplottet. Den tvilsame Hansu vil så gjerne hjelpe sonen økonomisk. Sunja strittar stolt imot i det lengste. Når ho til slutt gir etter, går det gale, og dette blir eit spor som går lik ei arvesynd gjennom romanen.

Eksotisk kristendom

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement