Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Visdomen til alderdomen

«Klokka ringer for deg», skreiv John Donne. Dikta til Åsmund Bjørnstad kimar òg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3326
20210407
3326
20210407

Dikt

Åsmund Bjørnstad:

Konfirmasjon til alderdomen. Dikt for eldre

Samlaget

Den kjende utsegna «Klokka ringer for deg» – eller «For Whom the Bell Tolls», som det heiter på engelsk – skriv seg frå den engelske barokkdiktaren John Donne. I teksten heiter det «Eit menneske er inga øy, sitt eige heile; kvar er ein bit av eit kontinent, del av fastlandet». Når Donne høyrer kyrkjeklokka ringje for ein manns eller kvinnes gravferd, bed diktaren difor ikkje om namnet på vedkomande – det ringjer òg for deg, for alle høyrer saman som ein «del av fastlandet», og alle skal vi døy.

Eg refererer til John Donne, for Åsmund Bjørnstad, som er aktuell med ei ny diktsamling, Konfirmasjon til alderdomen, har tidlegare gjeve ut ei meisterleg attdikting av Donnes dikt, og han viser òg til denne teksten i den nyaste samlinga. Bjørnstad gjev oss same bodskapen i Konfirmasjon til alderdomen. Diktaren har sjølv opplevd alderdom og medvit om dauden på kroppen, han har opplevd «alderdomssjokket», som han skriv, og samtidig funne ut at samfunnet ikkje har ein eigen rite til dette sjokket – altså ei offentleg markering liksom konfirmasjonen for ungdom.

Kva gjer ein då? Jau, ein skriv dikt om denne overgangen, konfirmasjonsdikt for alderdomen. Og i desse dikta er bodskapen frå John Donne med: Overgangen til alderdomen gjeld alle. Ikkje berre i det at alle blir gamle, med at ein alderdom påverkar alt og alle kring deg. Bjørnstad skriv både humoristisk og alvorleg om emnet.

Gamle held det heile

Det gjeld borna dine – som det kjem fram av «Tale for konfirmanten. (Sonen til den heimfarande faderen)». Sonen skriv til den tilårskomne: «Måtte du alltid dele med alle aldrar/ av dine års rike kjelde». Det gjeld tinga kring deg, som det kjem fram av «Tinga»: «Kva ting eg/ treng? Slepp alt/ som ikkje lenger har kroppstemperatur».

Alderdomen gjer ein var for menneskeleg samvær – og det åndelege. Det blir utdjupa i andre dikt, som i «Gamle Mor», om ei mor i Iran som skrid fram «med eit hoff av barneborn», og som er den store rådgjevaren i storfamilien: «Alt viktig blir lagt fram for henne./ Giftarmål, yrkesval, mannfolkas bilkjøp». Det same temaet, og samtidig bodskapen frå Donne, er òg framme i «Dei gamle», eit av dei beste dikta i boka. Der viser diktaren korleis alt i skogen er avhengig av dei eldste og lengste trea: «Utan dei: kratt, alles kamp, granplantinganes nålematter./ Det er dei gamle som/ held det heile».

Ånd og sjel

Diktaren er sjølv professor i planteforedling, men no emeritus. Ja, faktisk fyller han 70 år akkurat den dagen denne avisa kjem ut. Vi gratulerer med åremålsdagen og med ei god diktsamling, der diktaren, med mange år på bakken, viser at han meistrar alle reglar i diktekunsten, for her er både dikt i frie vers og ein eigen seksjon med klassiske sonettar.

Til slutt siterer eg frå sonetten «Eg er den ånd», som viser at alderdom for Bjørnstad ikkje berre tyder alderdom og veikskap, men vil ende i ånd og sjel: «Eg er den Ånd som gjer deg blindt fortvila,/ eg er den Ånd som sjeldan lèt deg kvila,/ til dess du andar ut i Jesus Krist».

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Bjørnstad viser at han meistrar alle reglar i diktekunsten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis