Viktige perspektiv på bioetikk
Morten Magelssen maktar å gjera kristne perspektiv på bioetikk relevante
og tilgjengelege på eit allment nivå.
Morten Magelssen er utdanna lege og verkar ved senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.
Foto: Verbum forlag
Sakprosa
Morten Magelssen:
Livet og døden.
Kristne perspektiver på bioetikk
Verbum forlag
Morten Magelssen er utdanna lege og verkar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. Han er frå før aktiv i debattar om bioetikk, til liks med ein annan interessant tenkjar – Øyvind Håbrekke. Begge er heilt klare på at alle barn som vert fødde – utan omsyn til korleis dei vert til – er likeverdige. Det er jo heilt sjølvsagt, men kva som er greitt juridisk og etisk når vi vil skapa barn, er ikkje sjølvsagt.
Magelssen nyttar kristne argument. Det kristne perspektivet på bioetikk er knytt til det kritiske og bibelske «du skal ikkje», men Magelssen skriv at Bibelen ikkje kan gi alle svar, og at kristen bioetikk ikkje kan vera tidlaus eller avfeia fornufta. Han peikar dessutan på andre viktige kristne verdiar, som nestekjærleik.
Sjølv om Magelssen seier fornufta er viktig, er argumenta klart kristne. Magelssen er ikkje optimist på vegner av fornufta og den bioteknologiske utviklinga. Her skil han seg frå humanistar som oftare har ei sterkare tru på fornuft og rasjonalitet.
Ein kristen vil hevda at fornufta er avgrensa, og at vi må ha ærefrykt for Vårherre. Men Magelssen er ikkje blind i si ærefrykt, han er fornuftig. Det er ikkje mindre kristent, men i tråd med kristne idear om å bruka evnene vi er skapte med.
Sjølvbestemming
Magelssen har rett i at legalisering av dødshjelp ikkje treng henga saman med auka sjølvbestemming. Vi kan fort få ei verdiutgliding. Til dømes kan alvorleg sjuke kjenna seg som ei byrde for både samfunn og familie. Kristne vil her stadig minna om at alle liv er like mykje verde.
Magelssen er litt selektiv med omgrepet sjølvbestemming. For ein kan snu på det. Det er vanleg å hevda at folk som tek val vi sjølv ikkje sympatiserer med, tek ufrie val. Sjølvbestemminga er falsk når mor tek brorparten av foreldrepermisjonen, seier politikarane som vil styra. Og dei har rett på eit vis. Sjølvbestemming finst ikkje i rein form. Vi vert alle påverka før vi tar val, men det er ikkje eit godt argument for å leggja hindringar for visse val.
Posisjonen som klar motstandar av aktiv dødshjelp og tilhengar av meir palliasjon – lindrande behandling – gjev Magelssen truverd når han skriv om faren for overbehandling av særleg gamle og sjuke. Kristne er ikkje mot aktiv dødshjelp fordi dei fornektar eller fryktar døden. Poenget er å verne menneskeverdet og erkjenna at vi menneske kan ta feil om vi brukar for mykje makt i avgjerder om liv og død.
Utfordrar lesaren
Magelssen utfordrar lesaren og viser til dømes korleis vi som er kritiske til surrogati, hoppar over gjerdet der det er lågast, om vi ikkje også diskuterer dei minst problematiske tilfella. Berre slik kan vi finna ut om surrogati er etisk gale i seg sjølv.
Det er gode grunnar til at vi har legalisert sjølvbestemt abort, men dei etiske problema kjem vi aldri unna. Vi kjem aldri til eit punkt der abort er greitt. Det er eit spirande liv der. Om ikkje moderate tilhengjarar av sjølvbestemt abort er opptekne av balansen her, og blæs seg opp kvar gong Ropstader seier noko litt restriktivt, så gjev dei lett næring til dei meir radikale på konservativ fløy.
Eit kristent syn på bioetikk handlar om å setja grenser for individuell fridom. Ikkje fordi individet ikkje kan få gjera kva det vil. Det bør det, men fordi vi lever i fellesskap der andre må bli høyrde. Grenser handlar ikkje berre om å verna fellesskapet. Det handlar om å verna andre – ofte svakare individ.
Magelssen tolkar andre synspunkt i beste meining. Det gjer boka god. For nokre, kanskje særleg sterkt religiøse, er det lett å ty til det sterkt restriktive og absolutte når ein vert uroa av utviklinga.
Magelssen opnar dører til meir moderate svar. Det handlar om å halda fast i noko. Noko som seier ja til liv, samstundes som vi tek inn over oss det realistiske ved det verdslege livet – at vi alle skal døy, og at vi alle gjer feil.
Lars Kolbeinstveit
Lars Kolbeinstveit er filosof og rådgjevar hos Civita.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Morten Magelssen har rett i at legalisering av dødshjelp ikkje treng henga saman med auka sjølvbestemming.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.