JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vesten mot resten

Leidulf Melve har skrive ei globalhistorie med tung politisk slagside.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Koparstikk som syner ein boktrykkjarverkstad slik dei såg ut kring 1550.

Foto: British Museum

8081
20210226
8081
20210226

Historie

Leidulf Melve:

Ei verd i endring. Den globale mellomalderen 500–1500

Dreyers forlag
Oslo 2020

Leidulf Melve, som er historieprofessor ved Universitetet i Bergen, gapar over for mykje med denne boka. Ambisjonen er å skrive ei globalhistorisk framstilling som skal femne om sju sivilisasjonar (Mellom-Amerika, Afrika, Europa, Bysants, den islamske verda, India og Aust-Asia) i sju tematiske kapittel (samfunn, kommunikasjon, økonomi, religion, statsdanning, byar, lærdom).

Diverre er resultatet både overflatisk og tendensiøst. Det er tydeleg at Melve vil snakke Europa ned og resten av verda opp. Dette syner seg både i valet av stoff og i handsaminga av det. Eg skal gje nokre døme.

Utan grunnlag

I kapittelet om kvinner og kjønn hevdar Melve at i Kina, Korea og Japan har kvinnene «vore verksame i den politiske sfæren over ein lengre periode. I så måte er det ein grunnleggjande skilnad samanlikna med det patriarkalske samfunnet i Europa og Bysants – som berre tilbaud kvinner tilgang til den politiske sfæren og det offentlege rommet på menns premissar».

Provet for dette finn han i talet på kvinnelege regentar: I Korea finn han tre. I Kina finn han også tre. I Bysants finn han «berre» tre. I Japan finn han: «Ikkje mindre enn halvparten av herskarane i Japan mellom 690 og 800 var kvinner, og mange av dei var særs evnerike.» Det dreier seg om i alt fire, og det tok 800 år før neste kvinne kom på trona. Melves konklusjon er utan noko rimeleg grunnlag i det materialet han legg fram.

Utvalde sitat

Også mongolane vert snakka opp. Melve siterer fem liner frå reiseskildringa til italienaren Ricoldo da Montecroce, som ifølgje Melve syner «ei verd der kvinner hadde eit heilt anna spelerom enn det han kjende frå Europa». Desse fem linene syner berre ein konkret skilnad frå Europa: Ricoldo skriv at mongolkvinnene var krigerske og gjerne væpna med pil og boge.

Når ein slår opp hjå Ricoldo, finn ein at det avsnittet som Melve siterer frå, begynner slik: «Når tartarar [dvs. mongolar] tek seg ei kone, kjøper dei ho frå foreldra nesten som om ho var ein slave.» Ricoldo held fram: «Dersom mannen døyr, har ho knapt noko høve til å vende heim til foreldra. I staden kan svograne gifte ho vekk slik dei vil, eller behalde ho i huset som ein slave. Og tartarane kan ha mange koner samstundes, men den første er viktigast.»

Med denne kjelda som grunnlag konkluderer Melve at mongolkvinnene hadde «eit heilt anna spelerom» enn i Europa, og at mongolsamfunnet difor skilde seg ut: «Langt dei fleste sivilisasjonar må plasserast på den motsette sida av spekteret, patriarkalske samfunn.» Melve kan neppe ha lese meir av kjelda enn dei linene han siterer.

Trass i denne positive vurderinga av mongolsamfunnet får mongolane likevel, seks sider seinare, skulda for «den store endringa i patriarkalsk lei» som skjedde i Kina etter at dei erobra landet på 1200-talet.

Utelating

Melves omtale av islam er ein studie i retorisk spin. Aldri før har eg lese ei framstilling av korleis islam vart ein verdsreligion, der forfattaren ikkje eingong nemner at muslimane først erobra eit verdsrike. I staden forklarar han spreiinga av islam som eit resultat av «handelsrelasjonar» og «nettverk».

Dette er også første gong eg har lese at Muhammed etter erobringa av Mekka innførte trusfridom i byen. Kjeldene gjer det tvert imot klart at den gamle religionen ikkje lenger skulle tolast.

I kapitlet om «kvinner og kjønn» slår Melve fast at alle dei samfunna han skriv om, var patriarkalske, også det islamske, «eller rettare sagt, det blei patriarkalsk under abbasidekalifatet», det vil seie etter 750. Ifølgje Melve var det islamske samfunnet altså ikkje patriarkalsk før dette.

No har vi ikkje så mykje skriftleg kjeldemateriale frå tidleg islam, men vi har Koranen, som er ei normativ kjelde og skriven på 600-talet. Der kan vere liten tvil om at den boka både føreset og føreskriv ein ganske patriarkalsk samfunnsorden.

Om vi går til Ira Lapidus, som Melve byggjer på og viser til, seier han uttrykkjeleg at Arabia var eit patriarkalsk klansamfunn både før og etter Muhammed, og at Koranen stadfesta denne familieforma (Islamic Societies to the Nineteenth Century, 2012, s. 48, også s. 19 og 34).

Same stad skriv Melve at «ekspansjonen, og i denne samanhengen krigsfangar og tilgang på slavar, førte på sikt til fleirkoneri, innføring av harem og dermed ei meir underordna rolle for kvinner». Dette vert av Melve tidfesta til «etter 750». Men det burde vere velkjent at både fleirkoneri, harem og slaveri er heimla i Koranen, og at det ifølgje alle islamske kjelder vart praktisert av Muhammed sjølv.

Vantar kjeldekunnskap

Melve er oppteken av fordommane til europearane, og han har eit eige underkapittel om «kristen sjåvinisme», men han spør ikkje om fordommar og sjåvinisme kanskje også kan finnast hjå andre. Islam vert på si side knytt til honnørord som «mangfald» og «dialog»: «Islam oppstod i dialog med andre religionar i Midtausten», er opningsorda når Melve skal forklare korleis islam vart utbreidd.

Det er om lag like råkande som å seie at Luthers reformasjon skjedde i dialog med Den katolske kyrkja. I røynda avviste Muhammed desse religionane som falske og førte krig for å spreie sin eigen.

Også her syner Melve vantande kjennskap til kjeldene: «Dei eldste islamske kjeldene formidla dialogar mellom kalifar eller guvernørar på den eine sida og kristne patriarkar eller bysantinske keisarar på den andre.» Han nemner ein slik tekst, og referansen hans nemner tre til.

Sams for alle fire er at dei ikkje er «islamske kjelder», og dei er heller ikkje referat frå faktiske møte. Dei er skrivne av kristne forfattarar, og nyttar dialogforma for å syne kristne lesarar kva dei skal svare, og slik styrkje dei i trua. To av dei er dessutan skrivne på syrisk, eit språk som dei færraste muslimar skjøna.

Galne referansar

I kapitlet om skriftkultur les vi at «den einaste verkelege nyvinninga i tida mellom 1000 og 1500» er «framveksten av ein skriftkultur på morsmålet». Fleire enn eg vil nok spørje seg om ikkje Gutenberg og trykkjekunsten burde vore nemnd her. Men Melve har sin eigen vri på Gutenberg: Han skriv at Gutenberg «overtok og forbetra» teknikken med «bøker prenta med treblokker», og at dette etter 1500 så «la grunnlaget for […] den såkalla prenterevolusjonen».

Men Gutenberg prenta ikkje med treblokker (det vil seie tresnitt). Han nytta lause typar av metall, og trykkpresse, ein ny teknologi som innan år 1500 hadde produsert om lag ni millionar bøker. Når Melve her nyttar ordet «såkalla», er det ei sensasjonell nedvurdering som i det minste burde vore grunngjeven.

Samstundes finn Melve opp ein mellomaldersk prenterevolusjon hjå muslimane, som i røynda ikkje tok til å trykkje bøker før på 1700-talet. Melve skriv: «Kombinasjonen av prent og billig papir førte til det som er blitt kalla ein ’eksplosjon i bokproduksjonen’ innan den islamske verda.»

Eg har sjekka referansen for dette sitatet: Det handlar om tilgang på billeg papir til produksjon av handskrifter. Det om prent har Melve lagt til sjølv. Referansen hans seier derimot klart at vi finn ingen trykte bøker i islamsk mellomalder, ikkje med lause typar og heller ikkje med blokktrykk.

Skuffande

Eg syntest denne boka såg spanande ut og såg fram til å lese ho, for sjølve ideen om ei global framstilling er god. Diverre sviktar det i gjennomføringa.

Ei slik framstilling krev grundig kjennskap til eit stort og samansett materiale, og ho må vere systematisk. Til dømes kan ein ikkje handsame tema som sjåvinisme og fordommar i éin sivilisasjon for så å utelate dei i dei andre, og ein kan ikkje byggje ei samanlikning av kvinners stilling på teljing av kvinnelege regentar.

Globalhistorie, slik eg forstår det, er å la vere å handsame sin eigen sivilisasjon som eit særtilfelle. Diverre er det nettopp det Melve gjer.

Gjert Vestrheim

Gjert Vestrheim er professor i gresk ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er tydeleg at Melve vil snakke Europa ned og resten av verda opp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis