Bok

Verdifull og vakker bok

Prosastykka viser kor framifrå Jørgen Moe er som folkelivsskildrar.

Publisert

Det er nestor blant norske folkloristar, Ørnulf Hodne, som har gjeve ut denne tiltalande boka. Hodne har tidlegare skrive ei diger avhandling om Jørgen Moe og folkeeventyra. I den nye boka får vi presentert dei folkevisene Jørgen Moe skreiv ned på reisene sine, mellomalderballadar, stev og nyare viser.

For dei fleste er Jørgen Moe nært knytt til namnet Peter Chr. Asbjørnsen. Saman gav desse to ut den sentrale norske eventyrutgåva Norske Folkeeventyr. At Moe også var visesamlar og viseforskar, er mindre kjent, trass i at det var han som i 1840 gav ut den første norske folkevisesamlinga: Sange, Folkeviser og Stev i norske Almuedialekter.

Først til mølla

I 1840 hadde ikkje Moe noka aning om at det fanst norskspråklege mellomalderballadar i tradisjonen. Som Wergeland trudde han at det som måtte finnast av visestoff, bygde på Peder Syvs danske «Tohundreviseboka».

Men på ei telemarksreise i 1842 oppdaga Moe at det også fanst norske mellomalderballadar. Same året fekk han vita at Olea Crøger hadde samla balladar i Telemark, og alt hadde levert eit visemanuskript til boktrykkar Malling i Christiania. Av Malling fekk så Jørgen Moe låne manuset til gjennomsyn.

Dette er bakgrunnen for at Moe bestemte seg for sjølv å gje ut ei norsk balladeutgåve, etter mønster av Arwidsons Svenska Fornsånger, ei vitskapleg utgåve med tekstar utan redaksjonelle endringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement