JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Venstrevind i Sp-land

Navarsete tydeleggjorde distriktsprofilen i Senterpartiet og heldt partiet klart til venstre. Takk for periferiprofilen, sa Vedum, men han takka nei til venstredreiinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Liv Signe Navarsete då ho var samferdselsminister i Stoltenberg-regjeringa (2009–2013).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5536
20221007
5536
20221007

Biografi

Jens Kihl:

Liv Signe Navarsete – Eg veit kva eg snakkar om!

Samlaget

Fredag 29. mars 2009. Året før vart Liv Signe Navarsete vald til leiar i Senterpartiet. No er det valkampår og like før ho skal opne landsmøtet til partiet. Tida er inne, Liv Signe skal få vise kven ho er, og kva Senterpartiet hennar står for. No er det hennar tur til å skine.

Slik gjekk det ikkje. Like før landsmøtet skulle opne, gjekk Ola Borten Moe til angrep på regjeringspartnaren SV i Klassekampen og VG. Navarsete og medspelarane hennar tolka utspelet til Moe som kalkulert og illojalt. Trønderfløya ville svekkje Navarsete. Frå no av handla landsmøtehelga mest om Moe og mogleg splitting i regjeringa. I Navarsetes versjon av den nyare historia til Senterpartiet er Ola Borten Moe som ei vond ånd. Slik ho ser det, braut han inngåtte avtalar mellom dei to. Og han lét stadig vere å støtte henne når ho trong det – det var snarare tvert imot.

Angrepa Navarsete kjem med mot Moe og andre i trønderfløya, er sterke og direkte. Dei gjer Kihls bok spennande. Som lesar kan ein ikkje vite om versjonen hennar er den rette. Men det er politisk relevante påstandar. Når dei kjem fram, får vi vite meir om korleis ein av hovudaktørane i norsk politikk dei siste ti–femten åra tenkte. Difor opplyser det norsk politisk historie at dei sterke skuldingane kjem fram.

Høgre og venstre i Sp

Navarsete var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og statsråd i Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2013. Navarsete sa nei til å stille til Stortingsvalet i 2021 og er i dag statsforvaltar i Vestland. I boka om henne trer venstresida til Senterpartiet fram.

Motsetnadane i Senterpartiet gjeld i dag primært økonomisk politikk og miljøsaka. Den politiske avstanden mellom Navarsete og Moe reflekterer spenningane i Senterpartiet. Vedum ser ut til å vere i ein mellomposisjon.

Der Navarsete gjekk godt saman med fagrørsla sine haldningar til privatisering, skattepolitikk og omfordeling, er Moe meir næringslivets mann. I miljøsaka har Navarsete og hennar fløy vore klart nærare miljørørsla enn Moe og Vedum har vore.

Skepsisen mot SV, som Navarsete kunne ha i starten av den politiske karrieren sin, forsvann etter kvart. I Senterpartiet vart ho ein venstrevind frå vest, og i dag er ho klar på at Senterpartiet bør få med seg SV i Støre-regjeringa og danne fleirtalsregjering. Å verte ei mindretalsregjering i 2021 var eit strategisk val som har ført til at regjeringa ser svak ut, meiner ho. Hestehandlarane til Senterpartiet i regjeringsforhandlingane var kan hende så lure at dei jamvel lurte seg sjølve.

Navarsete som leiar

I barndommen vart ho mobba, og ho mista den første mannen sin svært tidleg. Men den unge mora og bondekona reiste seg att, og då lærte ho kva samhald i eit godt lokalsamfunn betyr. Ei lita skulesak tente henne politisk, og frå denne saka går det ein raud tråd i det politiske livet hennar: vinne einskildsaker, sjå resultat.

Korleis var Liv Signe Navarsete som politisk leiar? Biografien om henne er ein såkalla autorisert biografi, skriven av Jens Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende. Det vil seie at Navarsete har godkjent innhaldet og gitt hovudpremissane for det. Men sjølv om delar av boka unekteleg verkar litt sjølvrettferdige, utleverer Navarsete såpass mykje av seg sjølv at fleire sider av henne kjem fram.

Ho gjekk gradene i lokalpolitikken, og då ho kom inn i norsk toppolitikk, var ho utan den organisatoriske erfaringa frå rikspolitikken som til dømes Stoltenberg, Hareide og Solberg hadde. Ho klarte ikkje alltid å lese spelet og kynismen på topplanet i hennar eige parti.

Også Jonas Gahr Støre manglar denne interne organisasjonsopplæringa. Dette kan vere ei forklaring på at Navarsete, til liks med Støre, ofte har gitt for stort spelerom til partifellar som ikkje vil ein vel. Manglande organisasjonserfaring kan ha spela inn for at den interne autoriteten deira har vore låg samanlikna med autoriteten til leiarar som Kristin Halvorsen og Jens Stoltenberg.

For Navarsete talde resultata. Ho ville vere ein ombodsperson for bygda. Det greidde ho som samferdselsminister, men ho passa dårlegare inn som kommunalminister, der prinsipp, større linjer og styringssystem oftare var temaet. Navarsete var knappast ein stor politisk tenkjar. Men ho evna å få resultat.

Smilande sinnatagg

Liv Signe Navarsete kom som politikar nær folk på godt og vondt. Ho var i sitt ess i samtalar om folks kvardagsutfordringar. Den engasjerte og smilande Liv Signe vart opplevd som ekte og tillitsvekkjande. Samstundes hadde ho eit temperament ho ikkje alltid klarte å halde styr på, og som var ein veikskap. Det er ikkje lett for utanforståande å vite korleis denne sida av Navarsete prega medarbeidarane, men det er fortenestfullt at temperamentet hennar vert drøfta utførleg i boka.

Er det ei god bok? To krav til ei god bok er for det første at ho må vere interessant, og for det andre at ho ikkje må vere keisam. Boka til Kihl er god og interessant. Sjølv om Kihl i liten grad analyserer dei politiske spenningane i djupna, får han saumlaust fram ei historie som er større enn Navarsetes eiga soge, om kva Senterpartiet er og har vore.

Og du kan seie mykje om Liv Signe Navarsete, men soga om den smilande sinnataggen frå Sogn er svært langt frå å vere keisam.

Svein Tuastad

Svein Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis