Venelaus konge
Tore Rem kom skeivt ut frå hoppkanten då han skreiv første bind i trilogien om kong Olav. I bind to justerte forfattaren seg inn, og den siste boka gjer sitt til at trilogien landar stødig.
Kong Olav portrettert i Fuglerommet på slottet 8. mars 1983.
Foto: NTB
Sakprosa
Tore Rem:
Olav V. Ensom
majestet
1946–1991. Bind 3
Cappelen Damm
Redaktørane i Cappelen Damm og forfattaren Tore Rem må ha hatt ein alvorsprat etter at første bind var utgjeve i 2020. Framstillinga vart så detaljert og refererande at sjølv den største tilhengaren av monarkiet må ha opplevd boka som ein tolmodstest. Det var tydeleg at forfattaren ikkje kom tett nok på den han skreiv om.
Bind tre tar for seg perioden frå 1946 og fram til kong Olav døydde 17. januar 1991. Som dei første to binda handlar det om raude løparar og gulltallerkenar, politikk, plikter og krig. Men denne gong gjer forfattaren eit inderleg forsøk på å kome tettare inn på hovudpersonen. Olav vart skikonge, seglarkonge og konge for dei militære. Han vart framfor alt folkekongen. Kven var Kong Olav? Var han like snill og blid som pressa framstilte han? Kva skjulte seg bak fasaden? Hadde denne majesteten eigentleg venner?
Nevrotisk latter
Som lesar blir ein nysgjerrig på korleis Olavs oppvekst påverka han som vaksen. Dei to første binda, Den framande og Krigaren, har gitt forfattaren eit godt grunnlag for å sjå dei store linjene. Olav hadde ikkje kontakt med andre barn før han var åtte år gammal, var hemma av dysleksi og hadde i ungdomstida nesten ingen venner. Han kalla aldri kong Haakon for far, men omtala han som «Deres Majestet», særleg i offentlege høve.
Den spesielle latteren vart lagt merke til også utanfor landegrensene. Winston Churchill fortalde kona si: «Sannelig den tåpeligste latteren jeg noen gang har hørt.» På midten av 1960- talet fekk Noreg besøk av den russiske ministerpresidenten Nikita Krutsjov. Han var på førehand vorten fortald at kong Olav kunne «begynne å le høyt, utan noen som helst grunn».
Rem omtaler fleire gonger Olavs talefeil og kallar det «løpsk tale». Nokre gonger snakka han ikkje samanhengande. Olavs nevrotiske latter, som kom til upassande tider, hadde ikkje det samanheng med oppveksten hans? Kvifor skriv ikkje Rem meir om dette?
Kong Olav vart sjølv spurd av Jo Benkow om dysleksien og talefeila. Kong Olav svara: «Jeg har det ikke egentlig noe særlig alvorlig.» Benkow følgde opp spørsmålet med å seia at «det ikke kunne vært noen stor plage». Det kan verka som forfattar Rem er samd i denne konklusjonen.
Militær haldning
Olav hadde hatt ein streng oppvekst. Han fekk utdanninga si i militæret og meinte framtida til monarkiet var viktigare enn familiære omsyn. Han hadde ein vane for å sletta alle spor. Då han drog frå Skaugum 9. april 1940, brende han alle papira. Det same gjorde han med dei fleste personlege breva som vart skrivne etter krigen.
Men breva mellom dottera, prinsesse Ragnhild, og den framtidige ektemannen Erling Lorentzen, vart tekne vare på. Her kjem det fram at kjærasteparet fekk eitt års karantene, der dei ikkje berre vart nekta å treffe kvarandre, dei vart òg nekta å skrive brev. Plikt skulle gå framfor menneskelege omsyn. Ragnhild og Erlings kamp om å få gifte seg gav ein forsmak på det komande bryllaupet til kronprins Harald og Sonja.
Barnebarna «var redde for ham». Kong Olavs autoritet og temperament skapte avstand. Dottera til Ragnhild og Erling, Ingeborg Lorentzen Ribeiro, kunne ikkje hugse at ho fekk kjærteikn frå Kong Olav. Ho var «litt redd for han».
Prinsesse Märtha Louise oppfatta òg bestefar, kong Olav, som mykje strengare enn foreldra. Han var ikkje «sånn kjærlig», og ho sat ikkje «på fanget og sånn», sa ho i eit TV-intervju. Nokre gonger kunne «bestefar være et skremmende nærvær», skriv Rem. Han skriv at: «[...] kongen ikke taklet fysisk nærhet. Flere husker at han aldri tillot at noen tok på ham.»
Temperamentet og autoriteten hadde han arva frå faren sin. Kong Haakon 7 kunne verka ubehageleg for enkelte ved slottet: «Selv toppene ved hoffet, som hoffsjefen, skal ha vært underlig redd for han.»
Saknar trygd
Etter at faren Kong Haakon 7 døydde i 1957, skreiv Kong Olav brev til Dronning Elizabeth. Han saknar ei trygd i livet og synest «det er så forferdelig få jeg kan snakka med». Rem meiner Kong Olavs brevveksling med dronning Elizabeth beviser at han i det minste hadde éin som han kunne tru seg til.
Sjansen for at kronprins Olav skulle finne seg ei ny kone etter prinsesse Märthas død i 1954, var ikkje stor. Særleg kveldane vart einsame. Jo Benkow fortalde kongen: «Kretsen en kronprins kan ha et intimt forhold til må jo være liten.» «For ikke å si null», svara kong Olav.
Kong Olav hadde mange kontaktar i seglarmiljøet. Men hadde han venner, nære venner? Om ein les boka til Tore Rem, verkar det som om Kong Olav var vennelaus.
Med lykt og lupe
Ei utfordring i biografiske bøker er at forfattarar kan få ei overdriven beundring for personen dei skriv om. Tore Rem kan ikkje bli mistenkt for det. Forfattaren har søkt med lykt og lupe for å finne kritiske innspel.
Det er likevel ei vesentleg kjelde som nesten er fråverande. Den munnlege. Dei som kjende kong Olav best. Den næraste familien hans har ikkje late seg intervjua. Det er lite truleg at kong Harald og dronning Sonja, eller nokon av dei nolevande næraste personane vil seia så mykje om far, svigerfar eller bestefar. Denne viktige kjelda i biografiar kan kompenserast i arkiverte brev. Slik som i historia om prinsesse Ragnhild og Erling Lorentzen. Tenk om Olav ikkje hadde brent alle breva!
Forfattar Tore Rem har lagt ned åtte års arbeid i trilogien om kong Olav. Ensom majestet set punktum for eit historisk viktig og grundig arbeid. Den vesle prikken over i-en som manglar i denne boka, er dei munnlege kjeldene.
Aage G. Sivertsen
Aage G. Sivertsen er historikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren har søkt med lykt og lupe for å finne kritiske innspel.
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.