Bok

Velskriven pandemiroman

Johs G. Torstveit har skrive ein drivande god dokumentarroman.

Publisert

Bakteppet for I himmelen serveres ikke speilegg er at poliovaksineringa først kom i 1956, og at polioepidemiane var eit stort helsetrugsmål. Tusenvis av nordmenn vart ramma, ikkje minst barn og unge. Dette fokuset gjer romanen dagsaktuell. Pandemien vi no er inne i, har mange likskapstrekk med smittefrykta for poliomyelitten. Håpet låg i vaksinen, og det hasta då som no.

Johs G. Torstveit på Vegårshei har brukt det stoffet han kan best, nemleg dei sterke opplevingane frå si eiga ungdomstid. Han skulle byrja på lærarskulen i Kristiansand, men i staden vart han hardt råka at poliomyelitt. Vidare utdaning laut venta. No galdt det å verta frisk og arbeidsfør. Skildringa er slett ikkje sentimental, den tøffe realismen er vond, men truverdig skildra. Språket flyt lett, forfattaren har valt ein moderne nynorsk med innslag av ulike dialektar i dialogane.

Mange skjebnar

Romanen tek for seg eitt år på sjukehusa i Haugesund og Bergen. På polioavdelinga ved Haukeland sjukehus møter vi mange ulike skjebnar. Avdelinga er ramma for forteljinga, og skildringa byr både på dramatikk og spenning. På ein meisterleg måte klarar forfattaren å skapa driv i forteljinga. Som lesar er vi heile tida spente på korleis det går med dei forskjellige personane, borna, ungdomane og dei vaksne pasientane på avdelinga.

Det som grip aller sterkast, er forteljinga om det umenneskelege regimet på sjukehuset. Det leiande personalet oppfører seg på ein måte som ein kjenner att frå brutal fangebehandling. Her ligg det til rette for at psykopatar av ymse slag kan utøva makt. Dei sterke kan plaga dei svake. Hovudpersonen lyt prioritera seg sjølv, han ser maktmisbruket, samvitet seier at han burde ta dei svakaste sitt parti og gjera opprør. Men han er bunden på hender og føter, både konkret og i overført tyding. Sin eigen kamp for å verta frisk lyt ha første prioritet.

Leseglede

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement