Bok
Velskrive om ukjend agent
Forteljinga om Wilhelm Holst er velskriven, men vi får aldri ordentleg svar på kva som dreiv han.
Wilhelm Holst (1895–1949) fekk både franske og norske utmerkingar, som St. Olavs Orden, Æreslegionen og Krigskorset med palmegrein i bronse.
Foto: Wikipedia
Wilhelm Holst (1895–1949), opphavleg frå Drammen, var ein nesten to meter høg mann som opplevde stor dramatikk under den spanske borgarkrigen og verdskrigen som følgde. For innsatsen på alliert side under den sistnemnte krigen blei han høgt dekorert, blant anna med Croix de Guerre avec palme og Médaille de la Résistance français. I tillegg blei han utnemnd til riddar av så vel Æreslegionen som St. Olavs Orden, den siste av 1. klasse.
Trass i desse heidersteikna er lite kjent om Holsts virke her i Noreg, og mykje om denne personen var gåtefullt alt i samtida. Forfattaren og journalisten Lise Lindbæk, som blei kjend med Holst under den spanske borgarkrigen, skreiv for eksempel i boka Brennende jord frå 1938 at ho strengt tatt ikkje ante «Hvorfor denne norske forretningsmannen som bestyrte et eksport- og importfirma i Paris egentlig dro til det republikanske Spania». Ho visste berre at han «meget effektivt» leia eit sjukehus som behandla mange skadde frå fronten.
Seinare, i april 1940, skulle Lindbæk og Holst gå i følgje til den norske ambassaden i Paris etter å ha høyrt dei skakande nyhenda om det tyske overfallet på Noreg. Få dagar etterpå blei begge sønene til Wilhelm Holst, Einar på 16 år og Per på 15 år, nådelaust avretta av tyske soldatar som rykte fram etter dei harde kampane i Haugsbygda. Dei hadde søkt tilflukt på garden til onkelen, som også blei skoten der, saman med ein gardsgut.
Motstandsarbeid
Det er ikkje til å undrast over at denne hendinga førte Wilhelm Holst inn i antinazistisk arbeid, noko som etter kvart gjorde at han blei leiar for ei av totalt seksti franske motstandsgrupper samla under organisasjonsparaplyen Rossi Renee. Som Lindbæk skreiv, er det vanskelegare å forstå kva som dreiv denne då over førti år gamle mannen til å ta på seg oppdraget med å køyre tre ambulansar til det republikanske Spania i 1937, for så å bli der, medan familien hans var heime i Noreg. Faktisk skulle han ikkje kome heim igjen før lenge etter at verdskrigen var slutt, over fem år etter tapet av sønene og nesten ti år etter at han sist hadde sett kona Anna og dottera Lissen.
I mellomtida hadde han då levd saman med ei britisk kvinne og fleire gonger berre med nød og neppe sloppe unna Gestapo, slik at denne livshistoria som nemnt er full av dramatikk og openbert ber stoff i seg til ei bok. Dette var då også noko som slo den røynde journalisten og forfattaren Sigrun Slapgard kort tid etter at ho i 2014 fekk ein telefon frå barnebarnet til Wilhelm Holst. Bakgrunnen var Slapgards Lindbæk-biografi frå 2002, Krigens penn: ein biografi om Lise Lindbæk, og saman med Holsts barnebarn Ole Kleppe la Slapgard ut på ei reise som har resultert i boka som no ligg føre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.