Bok
Vellukka romandebut
Neda Alaei har skrive ein frisk og innsiktsfull ungdomsroman.
Kva betyr det når guten du er forelska i, legg ut eit bilete av deg på Instagram, utan å tagge deg? Kvifor slettar han biletet dagen etter at han la det ut?
Sanna er 14 år. Ho er djupt forelska i Yousef. Han er ny i klassen, har ein million augevipper og «vet hva det vil si å ta bilder av verden».
Neda Alaei debuterer med ein roman som svarar sjeldan godt på utfordringa om å skape litteratur som gjer at lesaren i målgruppa kan kjenne seg att i si eiga samtid. Anten det er i klasserommet, i skulegarden eller i senga om natta med mobiltelefonen under puta: Scenene utspelar seg i ungdomskulturen, språket og samfunnet slik det er, no.
Apropos samtidslitteratur: I dei nordiske ungdomsbøkene er det mørkt. Dette er ikke oss er ikkje noko unntak. Mor er død, pappa sørgjer og Sanna må ta altfor stort ansvar heime. «En vond og virkelighetsnær historie om omsorgssvikt», skriv forlaget på baksida.
Boka er meir enn som så. Rett nok er den vanskelege situasjonen heime eit vilkår i forteljinga, men dette er heller ei oppløftande og truverdig framstilling av ung livskraft og livskunst. Bodskapen knyter seg til styrken som finst i å gje og ta imot hjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.