JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Velkommen til studentfabrikken

Straumlinjeforminga av høgare utdanning har gitt meir effektivitet. Kva gjekk tapt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgskulen i Oslo vart slått saman med Høgskulen i Akershus til Høgskulen i Oslo og Akershus, som frå 2018 vart til OsloMet – storbyuniversitetet.

Foto: Berit Roald / NTB

5712
20220520
5712
20220520

Sakprosa

Jan Messel:

Profesjonsutdanninger i sentrum. Fra jordmorutdanning til OsloMet 1818–2018

Pax

Som ferdig utdanna statsvitar fekk eg i 1992 jobb ved Sosialhøgskulen i Stavanger, på ei leiarutdanning. Ein kollega hadde ein stor motorsykkel ståande på kontoret sitt. Det var eit sikkert vårteikn: Motorsykkelbrumming i brakkegangane i Henrik Steffens gate – då er våren her, ja.

Som del av høgskulereforma i Noreg i 1994 flytta sosialarbeidarutdanninga frå sentrum til høgskuleområdet på Ullandhaug, utanfor bykjernen. Då vart alt meir proft og meir samkøyrt. Kva vann profesjonsutdanningane i Stavanger, Oslo og elles i landet på å verte strengare underlagde ein felles utdanningspolitikk? Og kva gjekk tapt etter som motorsykkelduren om våren til slutt ebba ut i gangane til ei sosialarbeidarutdanning i Stavanger?

Viser ny styringsskikk

Ei ny bok, skriven av historikaren Jan Messel, om historia til OsloMet – storbyuniversitetet viser korleis omforminga av den høgare utdanninga i Noreg gjekk føre seg. Hovuddelen av boka er om dei siste 25 åra, då det var fleire store utdanningspolitiske reformer.

Som del av desse vart fleire mindre høgskular i 1994 slått saman til Høgskulen i Oslo og Høgskulen i Akershus. Desse to nye høgskulane gjekk saman i 2011, og den nye høgskulen vart til OsloMet – storbyuniversitetet i 2018.

Noreg fekk ein ny styringsskikk i denne perioden: målstyring avløyste regelstyring. Boka til Messel er ikkje minst interessant ved å illustrere kva den nye styringsskikken førte med seg.

Oppblåste PR-avdelingar

Konkurransen innbakt i den nye styringsskikken førte til større rift om studentane. Det gjorde at PR-avdelingane este ut. No handla det om «å profilere Høgskolen i Akershus faglig i et mer kresent utdannings- og arbeidsmarked», som det heitte i eit internt utval. Utvalet omtala utdanningane som «læringsprodukt», og rektor vart omtalt som «konsernleder» – velkomen til studentfabrikken.

I tal var det i året 2000 éi stilling som skulle brukast til marknadsføring ved Høgskulen i Akershus. I 2016 var det på Høgskulen i Oslo og Akershus 40 tilsette ved avdelinga for samfunnskontakt og kommunikasjon. Kontrasten er stor til tala som syner utviklinga for oppfølging av studentane. Forholdstalet mellom tilsette og studentar gjekk opp, og dei tilsette skulle forske meir – altså ha mindre tid til studentane. Det kom fleire ressurskrevjande master- og ph.d.-program. Bachelorstudentane vart difor stebarna i reformpolitikken.

Stykkprissystemet lønte «gjennomstrømming» og ikkje kostbare seminar. I dei yrkesretta utdanningane kjempa profesjonsgrupper likevel mot svekking av studentkontakten. Det er i dag framleis ein god del trening i mindre grupper innanfor profesjonsutdanningane.

Politiske påfunn

Ei kritisk haldning til profesjonane kunne i utdanningspolitikken slå ut i fikse politiske påfunn som ikkje var så fikse likevel. Det var for lite «interaktiv felleslæring» på tvers av profesjonane, tenkte politikarane, og difor bruk for meir «tverrprofesjonell samarbeidslæring». Til dømes burde sjukepleiarane og sosialarbeidarane ha meir felles undervisning og samarbeid: Dei var jo i same helse- og sosialsektoren.

Etter kvart viste det seg at dei som arbeidde i barnevernet, trong kunnskap om andre ting enn sprøyter og liggesår jamvel om både sosialarbeidarane og sjukepleiarane arbeidde i helse- og sosialsektoren. I utdanningspolitikken har ofte slike idear som ser fine ut på papir med departementslogo, krasjlanda i møtet med røyndommen.

Risikerer tapt relevans

Det nye utdanningssystemet innebar større vekt på teori og akademisering. Dette endra tilhøvet til praksisfeltet. Men er til dømes ein fagperson frå Tyskland eller Taiwan med mange publikasjonar betre til å førebu studentar til arbeidet i ein oslobarnehage enn ein som har kjent feltet gjennom 20 års erfaring og skrive lærebok, men som manglar doktorgrad?

Svaret på det spørsmålet må vel vere nei. Det reiser eit prinsipielt spørsmål om kor godt reformene i sektoren har vore tilpassa dei særlege behova til profesjonsutdanningane. På den eine sida er det ikkje nokon tvil om at profesjonsutdanningane har fått eit kunnskapsløft.

Fagpersonar utan teoretisk kunnskap kunne før gjere studentane meir sårbare med omsyn til læringsutbytte. Og overgangen til eit meir einsarta system gjorde det enklare for studentane å få seg ei ferdig utdanning. Men sett frå ein annan vinkel ligg det ein opplagd risiko for tapt yrkesrelevans når nærleiken til praksis vert svekt.

Som nissen på lasset

Om boka om OsloMet er ei god bok, kjem an på kven du spør. Boka har det meste med – på godt og vondt. For dei som er interesserte i emnet, fortel Messel soga til OsloMet påliteleg, detaljert og ikkje minst med eit godt analytisk blikk. Men boka er i overkant omstendeleg og difor tidvis litt keisam.

Noko som har gått tapt i reformperioden, er «seminarkontrakten» som Messel treffande refererer det som. Då det faglege og det sosiale var tettare samanvovne, kunne ein felles læringskultur oppstå. I dag har ei sterkare rettsleggjering tatt over for seminarkontrakten og sosiale møteplassar mellom lærekrefter og studentar.

Somme politikarar ville svekkje rolla profesjonane hadde i profesjonsutdanningane, då dei mange små høgskulane vart flytta over til eit strigla utdanningssystem. Men profesjonane hengde seg på som nissen på lasset. Det skal vi truleg vere glade for.

Svein Tuastad

Svein Tuastad er statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I utdanningspolitikken har ofte idear som ser fine ut på papir med departements­logo, krasjlanda i møtet med røyndommen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis