JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vekst, stordom og fall

Øyvind Østerud skriv om den liberale internasjonalismens freistnad på å skapa ein rettvis verdsorden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folkesambandet vart skipa i 1919. Her talar den franske politikaren Aristide Briand i om lag 1930.

Foto: Wikipedia

6742
20181019
6742
20181019

Sakprosa

Øyvind Østerud:

Det globale stats-
systemet

Dreyers forlag

Professor emeritus Øyvind Østerud ved Universitetet i Oslo har vore ein av dei mest sentrale statsvitarane i Noreg i snart 50 år. I Det globale statssystemet samlar Østerud trådane i forfattarskapet sitt til éi samla forteljing: den «liberale internasjonalismens» freistnad på å skapa ein rettvis verdsorden tufta på prinsippa i Versaillesavtalen frå 1919 og FN-pakta frå 1945.

I første kapittel, «Hvordan stater blir til», tek Østerud utgangspunkt i at verda er delt i sjølvstendige land. Folkeretten kallar landa «statar» – eit land andre land ser på som likeverdig. Difor er land som Guatemala og Libanon statar på like fot med Noreg, sjølv om dei ikkje handhevar det legitime maktmonopolet innanfor grensene sine, som er den konvensjonelle vitskaplege definisjonen på ein stat. Statars styringsevne spelar altså inga rolle for fullverdig medlemskap i systemet.

Kvifor enkelte statar sviktar, medan andre ikkje gjer det, kjem Østerud ikkje inn på. Og her ligg kan henda den største veikskapen i boka: Kvifor Noreg har ein «sterk stat» – som alltid har vore det – medan dei fleste av verdas land ikkje har det, vert ståande utan forklaring.

Tusenårsrika

Dei tre første empiriske kapitla handlar om dei tre tusenårsrika den liberale internasjonalismen freista skapa: Folksambandet i 1919, Dei sameinte nasjonane i 1945 og «Den nye verdsordenen» som oppstod med kommunismens samanbrot i 1991. I dei to første var prinsippet om nasjonal sjølvråderett det sentrale.

Østerud gjer godt greie for korleis desse prinsippa ikkje lét seg gjennomføra i praksis. I første runde fordi dei som tapte krigen, ikkje vart gjevne dei same nasjonale rettane som dei som var på vinnarsida. I andre runde fordi det ikkje vart gjort gjeldande i dei nye landa som kom med i systemet under avkoloniseringa.

I begge tilfelle vart dei historisk tilfeldige – «kunstige» – grensene definerte som evig uforanderlege. I begge tilfelle førte dette til nye konfliktar. Medan problema freden i 1919 førte med seg i Europa, vart løyste ved etnisk reinsing mellom 1939 og fram 1949 då dei tyskspråklege schwabarane vart kasta ut av Jugoslavia, må verda belaga seg på å leva med problema denne freden skapte i Midtausten, på ubestemt tid.

Avkoloniseringa var eit biprodukt av den kalde krigen, ein konflikt der den liberale internasjonalismen sat i baksetet i den mon ideologien ikkje stemte med amerikanske utanrikspolitiske målsetjingar. Sidan Dei sameinte nasjonane, på same måte som Folkesambandet, var innretta for å hindra at Tyskland, eller eit nytt Tyskland, byrja kriga, var ikkje organisasjonen eigna til å møta problema avkoloniseringa skapte for «verdssamfunnet».

«Veike statar»

Dei fleste nye landa hadde «veik stat». Kva verre var, dei var ideologisk legitimerte av valdsromantisk frigjeringsideologi nedfelt i Franz Fanons «Jordens fordømte», som ikkje stod attende for fascismen i si herleggjering av manndrap som frigjeringshandling.

Éi side ved veikskapen til dei nye landa var at dei trong utviklingshjelp frå dei sterke statane for å vedlikehalda seg sjølve frå dag éin – og at denne hjelpa ikkje syntest å skapa noka utvikling. Verre var det at frigjeringskrigane, som alle frå 1960-åra av vart den kalde krigens varme krigar, førte til eit auka valdsnivå og gjorde statar som alt var veike, veikare, inntil dei braut saman.

Østerud brukar eufemismen «statssvikt» om fenomenet, som er handsama i bokas femte kapittel. Døma i boka er Guatemala, Libanon og Zaire. Medan Zaire er eit godt døme på statssvikt som manglande styringsevne, er Libanons statssamanbrot mest av alt ein konsekvens av tilhøve utanfor libanesaranes kontroll og knytt til den ålmenne «antiimperialistiske» kampen for revisjon av Versaillesavtalen i Midausten. Guatemala er ikkje eit godt døme. Guatemala har alltid hatt eit klientelitistisk, korrupt og repressivt regime – som er antitesen til den sterke staten.

Kapitla om Sovjetunionens samanbrot er interessante som døme på korleis nasjonalitetsprinsippet frå 1919 endeleg vart innført i Europa. Bortsett frå i tilfelle der dei etniske reinsa grensene frå 1947, er grensene frå 1919 borte. Borte er også jødane og tyskarane aust for Oder. Tsjekkoslovakia og Jugoslavia er borte. Kapittelet om regionalismen illustrerer samstundes at i dei «gamle» europeiske statane vert lokal etnonasjonalisme prøvd fanga opp i føderale strukturar.

Internasjonalisering

Siste kapittel handlar om «Internasjonalisering og statsmakt». Statssvikten i 1990-åra førte til ei ny prinsipiell utholing av statars valdsmonopol då prinsippet om «ansvaret for å verna» kom inn i folkeretten i 2005. Prinsippet var på den eine sida ei attendeverkande legitimering at Nato-krigane på Balkan i 1990-åra – som jo skapte ein slags fred.

Men viktigare var røynsla med Tony Blairs krig i Sierra Leone i 1999, der den gamle kolonimakta gjorde slutt på borgarkrigen på éin ettermiddag ved å massakrera heile opprørshæren. Av ein eller annan grunn er denne episoden ikkje halden imot Tony Blair av forkjemparane for den overnasjonale rettsordenen nedfelt i til dømes Den internasjonale straffedomstolen i Haag. For det strauk med nokre dusin barnesoldatar då Blair skapte fred i Sierra Leone.

Til slutt tek Østerud opp tråden frå Makt- og demokratiutgreiinga han leia sist i 1990-åra: Ser vi den sterke statens fall i møtet med rettsleggjering av politikken og globalisering? Han gjev ikkje noko svar, men verkar pessimistisk.

Meldaren er faktisk optimist. USAs manglande vilje til å vera verdspoliti tyder på at vi er på veg inn i ein ny epoke av maktpolitikk og rasjonalitet i verdspolitikken – og at tusenårsriket til dei liberale internasjonalistane berre var heime-åleine-festar som gjekk over styr. Etterkrigstida etter den kalde krigen er over. No må statane sjølve ta medansvar for sin eigen tryggleik. Slikt avlar politisk rasjonalitet og godt styresett.

Som grunnbok i utviklinga av det internasjonale systemet som institusjonell ramme for politisk handling, held boka mål. Men at utviklinga vert skildra lausriven frå dei konkrete utfordringane institusjonane skulle møta, altså frå den internasjonale politiske historia, er ein veikskap. For i botnen av den liberale internasjonalismen ligg maktspråket, ikkje rettsavgjerda. Det var USAs sigrar i to verdskrigar som skapte dagens internasjonale orden. Det burde Østerud ha nemnt.

Pål H. Bakka

Pål H. Bakka er fyrstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvifor Noreg har ein «sterk stat» medan dei fleste av verdas land ikkje har det, vert ståande utan forklaring.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis