Bok

Vegen over Atlanteren

Fulbright-programmet sprang ut av ei kjensle av at fåkunne om andre folk ville føra til fordomar og gje opphav til konfliktar.

Publisert

Ein sein augustkveld i 1969 kom eg endeleg fram til Branford College ved Yale University i New Haven i Connecticut i USA. Colleget er bygd i mellomkrigstida, men er ein direkte kopi av den gotiske stilen i Oxford og Cambridge, med blyvindauge, tårn med klokkespel, løyndomsfulle utspring, atrium, praktfulle tre og borggardar.

Eg hadde fått eit Fulbright-stipend ved eit av dei fremste læresentera i verda. Eg var knapt installert på rommet før det kom naboar som ville høyra kva for framand fugl eg var. Amerikanarar flest er nyfikne på slikt.

Rommet mitt i eit karnapp stod attmed eit blømande kirsebærtre. Eg kjende meg som ein munk som hadde vigd seg til det stille livet. Og frå Kongsberg kom snart den vesle grøne Olivetti-skrivemaskina mi frå mor. Eg hadde verkeleg vendt eit blad.

DEN ANDRE VEGEN

Denne personlege innleiinga går rett til kjernen av kva utvekslingsprogram dreier seg om: Mi eiga røynsle minner oss om kor viktig slike studieopphald kan vera i det personlege og akademiske livet.

I alt 5349 nordmenn har opplevd dette i dei 70 åra Fulbright-programmet har eksistert. 1600 amerikanarar har kome den andre vegen, til oss. Førre studieår (2019–20) studerte dei så ulike felt som arktisk rev, hardingfele, norsk litteratur og naturfag. 14 norske studiestader tok imot dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement