JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vedkjenningar
frå Vismannen

Frå sterke skildringar til svak politisk analyse og sjølv-høgtideleg kåseri: Per dør spenner breitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Per Fugelli har skrive dagbok i perioden han var døyande.

Foto: NTB scanpix

3257
20171013
3257
20171013

SAKPROSA

Per Fugelli:

Per dør

Cappelen Damm

Eg likte Per Fugelli. På TV. På skjermen, i talk shows eller i kortare intervjusekvensar i samtale med ein annan, var han en sterk miks av gode one-liners, gravalvor og råskap. Han kunne ta rolla si som medisinvismann, og seie ting både tydeleg og godt. I bokform er det ikkje fullt så godt, fred vere med hans minne. Per dør er organisert som ei dagbok. Per Fugelli skal døy, kreften galopperer i hans indre. Nærleiken til døden gjer livet sterkare. Takksemda, over naturen, dei han elskar, dei små tinga rundt han som han kanskje har sett, men ikkje teke innover seg, er det sterkaste.

Skildrar godt

Fugelli er best når han skildrar landskap, lauvet på bakken, dyra kring seg, sine eigne angstar og gleder, sin veg inn i døden. Det er sterkt å lese om eit menneske som døyr sakte. Han er eit essayistisk menneske, og teksten vert ei oppdagingsferd: Saman med forfattaren får vi opna augo for det som omgjev oss. Det er på grensa til for mykje heile tida, men Fugelli er medviten om kor grensa går. Han er observant og maktar faktisk å skrive fram setningar som eg må lese to gongar. Han er morosam og gjev oss små haikuliknande aforismar. Han evnar å trekkje ut essensen av bøker han har lese, og han har lese breitt. Han skriv godt om døden og religionane, om god helse, om korleis døden gjev han avklaring og fred, ikkje angst og uro. Medisin, teknologi og vitskap vert forureining for den døyande legen, ikkje hjelp. Dette overraskar han, og vi vert overraska saman med han. Han er sterkt kritisk til medisin som eit mjukt teppe oppå døden. Han meiner vi må lære å døy skikkeleg. Det gjer vi ikkje ved å nytte medisinvitskapen som eit instrument til å oppfylle ideen om evig liv.

Sjølvhøgtideleg

Men når han vert den kåserande Læraren og Profeten, vert det verre: Då er han fylt av patos, språket vert flatt og han vert sjølvhøgtideleg. Han skryt av at tekstane hans vert lesne av mange, av rolla han har fått. Han talar om seg sjølv i tredjeperson. Han vert Menneskevenen og stiller i same divisjon som Geir Lippestad og Jan Egeland. Alt pratet om Flokken er irriterande vagt. Kven er denne Flokken vår, er det dei næraste i familien eller er det alle menneska på heile kloden? Han skriv om møta sine med likesinna, som Jonas Gahr Støre eller Finn Skårderud. Han skryt av dei, men dei store orda om dei kan like mykje lesast som avslørande og store ord om han sjølv, Vismannen, som ser kor fantastiske dei er. Han prøver seg som Politisk kommentator, klagar heile Frp for å spreie framandfrykt og muslimhets. Dette er påstandar som han må grunngje. Det er usakleg å klistre slike sterke omgrep på eit heilt parti utan å vise lesaren kvifor. Som analytikar av det norske samfunnet vert han blotta for dei fine nyansane han legg for dagen når han skildrar. Det er som om den kjenslevare forfattaren skiftar ut heile sitt fininnstilte sanseapparat.

Eg vel å minnast den Fugelli eg såg på skjermen. Han var god.

Eskil Skjeldal

Eskil skjeldal er forfattar, teolog og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er på grensa til for mykje heile tida, men Fugelli er medviten om kor grensa går.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis