JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vårlege vengeslag

Gaute Grønstøl har skrive ein lettlesen og innhaldsrik biografi om vipa, ein kjærkomen gjest i kulturlandskapet langs kysten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Gaute Grønstøl

Foto: Gaute Grønstøl

4607
20210827
4607
20210827

Sakprosa

Gaute Grønstøl:

Vipa – kamp og kurtise i kulturmarka

Eige forlag 2020

I 1994 var det kring 60.000 par viper som hekka i Noreg, tjue år seinare var tre fjerdedelar av bestanden forsvunnen, og arten fekk endra status på raudlista til «sterkt trua», noko som blir bruka om artar som har svært stor risiko for å døy ut.

Denne lett kjennelege svarte og kvite fuglen med ein topp av lange fjør på hovudet har vore ein viktig del av fuglelivet i kystlandskapet i store delar av Europa. Både kjøt og egg har vore rekna som ei delikatesse, her i landet fekk Haakon VII fast levering av vipeegg frå Jæren kvar vår. Trass i kraftig nedgang i hekkebestandane blir det enno drive omfattande vinterjakt i fleire land, men eggsankinga er no forboden.

Fuglebiologi

Vipene som hekkar i Noreg, held til i Sør- og Sentral-Europa om vinteren. Levemåten er tilpassa strandenger og myrlendt steppelandskap, men i nyare tid har vipa tilpassa seg eit liv i kulturlandskapet. Meitemark er favorittføda, og vårsådd eng og beitemarker med moderat beitetrykk er gode vipeområde. Vipene hekkar gjerne i større grupper der dei kan dele på jobben med å halde unna rovfugl, rev og anna tjuvepakk.

I bøker og filmar om natur har det dei seinare åra blitt stadig meir fokus på den menneskelege observatøren, medan naturen sjølv ofte kjem litt i skuggen. Dette er eit lettbeint forteljargrep Gaute Grønstøl ikkje fell for.

Forfattaren har både mastergrad og doktorgrad i vipebiologi, og det kjem godt med i denne faktafulle fuglebiografien. Boka er eit oppkomme av biologisk kunnskap, og for faginteresserte (som denne meldaren) er det òg forfriskande å få innblikk i metodane for litt av dei omfattande feltstudia som ligg bak.

Vipene er lette å få auge på, men det er berre på avstand at dei er svarte og kvite. Kjem du på nært hald, vil du sjå at dei svarte fjørene skin i alle regnbogens farger. Mikroskopiske prismestrukturar i overflata bryt lyset i det som bli kalla strukturfargar – på same viset som i vengane til mange sommarfuglar.

Lengda på fjørtoppen på hovudet og storleiken (arealet) på vengane er viktige signal om kor sterk og seksuelt attraktiv fuglane er. Mange av hannane driv med aktivt fleirkoneri, noko som har sine føremoner, men òg nokre openberre ulemper. For hoene kan det vere betre å dele ein ressurssterk hann med fleire andre hoer enn å leve monogamt med ein svakare partner. Men slagsmål mellom sjalue hoer kan true rugefreden. Av og til må hannen gå imellom for å roe gemytta. Hannar som mistenker at egga har ein annan far, vil trappe ned på farsbidraget, så hoer som vil para seg med fleire hannar og framleis få full stønad, bør gjere det i løynd.

Forståeleg åtferd

Når vi forskar på dyr, kan vi ha merksemda på åtferda (kva dei held på med) eller på dei indre, fysiologiske og mentale prosessane (korleis dei har det). Grønstøl har forska mykje på åtferd og skriv detaljert og underhaldande om korleis åtferda blir styrt av grunnleggjande mekanismar som evolusjon og fysisk utsjånad, men òg av erfaring og motivasjon dei einskilde fuglane har.

Det er sagt at om ei løve kunne snakke, ville språket og tankeverda som låg bak, vere så framand at vi ikkje kunne forstå kva ho sa. På same viset vil vi truleg aldri kunne forstå kvifor viper (eller andre fuglar) driv på med det dei gjer.

Men når det gjeld val av partnar, stell av ungar og anna familieliv, er det ofte freistande å tenkje at fuglane og vi har nokre grunnleggjande fellestrekk. Eit enkelt døme er skilsmisseraten hos viper; den er om lag som hos oss menneske – kring 50 prosent.

Nok ein truga art

I boka får vi vite litt om kva som trugar vipebestandane i Noreg og i resten av Europa. Det er mykje av dei same mekanismane som truger anna vilt dyreliv: meir intensiv bruk av landjorda til landbruk eller andre menneskelege føremål, sprøyting og bruk av giftstoff, jakt og vørdslaus ferdsel i hekkeområda. For bakkerugande fugl er òg auka bestandar av rovfugl og rovdyr som rev og mink eit livstrugande problem.

Boka er gjeven ut på eige forlag, med god teknisk kvalitet og omfattande bruk av gode og illustrerande fargebilete, dei fleste tekne av forfattaren.

Sidan dette er ei grundig fagbok, om enn i populær og lett tilgjengeleg format, ville det vore nyttig med ei liste over referansar og ein indeks bak i boka.

Arve Nilsen

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er gjeven ut på eige forlag, med god teknisk kvalitet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis