Vandring mot ingenstad
Klaus Böldls skildring av Færøyane vekker gode minne hos denne lesaren.
Roman
Klaus Böldl:
Fuglepust
Omsett av Arild Vange
Solum Bokvennen
For 30 år sidan tok eg den eldste son min med på ei danningsreise til Færøyane. I ei veke, med hotell Hafnia som base, farta vi rundt til fots, med buss og med ferjer og gjorde oss kjende i dette vesle øyriket, og det er nettopp det forteljaren Philipp i Klaus Böldls lågmælte roman Fuglepust også gjer. Forteljaren i romanen blir verande i to år for å restaurere kyrkjekunst ved museet i Torshavn. Men jobben blir berre eit alibi for noko anna, noko han leiter etter og aldri finn ut av anna enn som ei uforklarleg eksistensiell smerte med trådar tilbake til barndommen i Passau ved Donau, heilt sør i Bayern, på grensa til Austerrike. I teksten heiter byen berre P.
Barndomsvennen Simon forsvann da Philipp var 15 år, og blei aldri funnen. Dette minnet dukkar opp og blir forsterka når avisene fortel at ei ung jente han møtte på flyplassen, blir henta opp frå hamnebassenget i Torshavn. Sjølv om romanen er utan ytre dramatikk, skaper desse forsvinningane eit leiemotiv og ei indre spenning som held lesaren fanga gjennom dei vel 100 sidene.
Philipp er det tyskarane kallar ein einzelgänger, ein som trivst best i eige selskap, men han er ikkje meir asosial enn at han flyttar inn hos legen Johanna med dottera Rannvá. Dette forholdet er ikkje heilt liketil, og mykje peikar mot at det nærmar seg slutten når Johanna tar ungen med seg og reiser på besøk til mora i Danmark.
Presis
Forteljaren er ein sensibel og reflektert mann som observerer og registrerer naturen og samfunnet rundt seg, og han gir presise, detaljerte og treffande skildringar av Torshavn og det færøyske landskapet med den skarpe grønfargen, det skiftande vêret, den høge himmelen, dei fargerike husa og det vidstrekte havet som slår mot strendene. Samtidig er han ein tilskodar som i liten grad deltar i livet rundt seg; han betraktar det heile med «et undrende innvendig blikk», og han liker å oppsøke «veier til ingensteds – de finnes i et stort antall, det er dem jeg lever av».
Kva er det han eigentleg vil, anna enn å vere ein kvilelaus vandrar? Hentar han inspirasjon i naturen, eller søker han ei forsvinning, slik også barndomsvennen Simon forsvann utan å etterlate seg eit einaste spor? Denne undringa gir ein etterklang i lesaren.
Klaus Böldl (f. 1964) er frå Passau, men har budd i Kiel, der han er professor i mellomalderstudiar ved det nordiske instituttet ved universitetet, sidan 2007. Han har gitt ut seks romanar og fått fleire litterære prisar, og han har hatt kontakt med omsetjaren Arild Vange i fleire år. På eit litterært arrangement i Trondheim i 2016 blei han intervjua av nettopp Arild Vange, som sjølv er ein utsøkt forfattar og kulturarbeidar med inngåande kjennskap til både klassisk og moderne tyskspråkleg litteratur.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.