Bok
Vandrande tankar, uviss røynd
Petter Brevik skriv originalt om insulære individ i eit hav av utrygge røynsler.
Petter Brevik er debutant.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Kven er du, og korleis kan du kommunisera med andre? Dette er spørsmål ein tidt kan stilla seg sjølv, og dei tykkjest aktuelle under lesinga av novellesamlinga Vakre mødre av Petter Brevik. Her møter me først guten med det uvanlege namnet Bris. Han er gløggare enn dei fleste, og merkeleg upopulær. Han undrar seg over dette sjølv, men han er ikkje emosjonelt engasjert i si eiga stode.
Noko liknande kan ein sjå i andre tekstar i denne boka, der me mellom anna får vera med Kain i landet Nod. Personane står på sett og vis framande andsynes seg sjølv. Det er såleis noko svevande over dei og over tekstane, og sanneleg svevar det også nokre dronar her og der, som eit ymt om at personane er under overvaking.
Språkmedvit
Den sentrale teksten, «Rosenknopp», er meir substansiell enn dei andre. Han handlar om den unge kosmetiske kirurgen Johannes, som mellom anna skal gjera sitt første inngrep. Pasienten heiter Ylva, og noko går gale under operasjonen. Med utgangspunkt i den hendinga skriv Brevik ein mangslungen tekst der fleire personar kjem til orde og fortel om seg sjølve. Her er ei Teresa som mellom anna nemner eit overgrep ho vart utsett for i barndommen, og ho seier det på ein så rund og indirekte måte at det slår lesaren som absolutt truverdig.
Brevik er med andre ord ein svært språkmedviten forfattar, og det er synleg heile vegen i denne lange novella. Først og fremst får me ta del i tankane til Johannes, og sjå kontrasten mellom det han tenkjer og det han gjer. Tankane vandrar så vide ikring, og får denne lesaren til å meina at John Donne tok feil, kvart menneske er ei øy, eit insulært individ.
Men når Johannes skal forklara seg om det mislukka inngrepet, er han konsistent og objektiv, han seier det som det er, utan orsaking, men han nemner faktiske saker som har distrahert han. Ei kvinne, Aurelia, som ein gong var kjærasten til Johannes, har skrive ei bok om seg sjølv. I den boka er også han med, og det står eitkvart kompromitterande om mor hans, som tok livet av seg nokre år tidlegare. Johannes har truleg dårleg samvit for å ha presentert mora i eit lite flatterande lys, men samstundes har han reint generelt stor avstand til seg sjølv, litt som guten Bris tidlegare i boka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.