JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Valdens lange skugge

Sveens tekst om ungdomar på flukt er som ein skrekkfilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Petter Sveen har skrive romanen Fem skuggar som eit frittståande framhald av romanen Fem stjerner.

Foto: Tine Poppe

3670
20181019
3670
20181019

Roman

Lars Petter Sveen:

Fem skuggar

Aschehoug

Når ein møter menneske som går under karakteristikken «unge, einslege asylsøkjarar», kan ein bli slått av motet og overlevingsevna deira. For mange av desse ungdomane er det eit under at dei greier seg så godt som dei gjer. Lars Petter Sveen har levert eit anstendig forsvarsskrift i ei tid der «immigrantar» så altfor ofte vert mistenkeleggjorde. Dette er bok nummer to om ei gruppe flyktande unge menneske, ei frittståande fortsetjing av Fem stjerner som kom i fjor. I båe romanane tvingar forfattaren oss til å sjå kva slags historier dei ber på, dei som tar den lange og farefulle ferda til oss her i det trygge og totalt framande nord.

Det fine med romanar er at ein kan gå djupare inn i materien enn massemedia vanlegvis evnar. Dessverre går Sveen i ei vanleg felle når ein har eit sterkt litterært program: Han smør for tjukt på. Ikkje slik å forstå at handlinga ikkje er truverdig. Røynda for dei som gjer slike reiser, er heilt sikkert minst så ille som det blir framstilt her. Men her, som på så mange område, gjeld regelen at for mykje av det gode – eller i dette tilfelle det vonde – ikkje er godt.

Aldri kome heim

Det handlar om fem ungdomar frå Somalia. Aisha og Said er syskenborn som vaks opp i same landsby. Ein dag kjem al-Shabaab og drep dei vaksne og tek med seg barn og unge til ein fangeleir. I leiren blir Aisha og Said kjende med tre andre unge som dei greier å flykte saman med. Desse tre har vakse opp i al-Shabaab-land og sjølve blitt tvinga til å gjere uhyrlege handlingar for å få behalde livet. Mishandla vart dei i alle høve, på grovaste vis.

Saman legg dei fem i veg mot Europa og Noreg, på ei farefull ferd med vald og terror. Forteljinga blir enda meir skrekkfilmaktig når personane blir så traumatiserte at dei fantaserer om lemlesta døde som går igjen blant dei.

Alle ungdomane får ordet etter tur gjennom boka. Slik blir vi kjende med eit breitt spekter av erfaringar, valden blir skildra både frå offersida og overgrepssida. Likevel blir heilskapen monoton. Alt det grufulle, alt mørket, gjer at den eine «skuggen» glid inn i den neste. Romanen greier ikkje heilt å bere stemmene til menneske som står ganske fjernt frå forfattaren sjølv, trass i all velvillig innlevingsevne. Sveen forsøker å løyse dette med eit poetisk farga språk. I nokre avsnitt lykkast han fint i å sameine det grufulle og det lyriske. Men særleg i dei mange dialogane blir grepet i overkant oppstylta og verkar kunstig lagt i munnen på ungdomane.

Dikt og velsigna løgn

Eit stykke ut i boka kjem det inn ei ny stemme som gir romanen eit løft. Ingebjørg skal førebu Aisha på asylintervjuet, få henne til å fortelje så detaljert, så openhjartig og så truverdig som råd. Å få med alle desse ingrediensane er nesten umogleg for Aisha. For korleis, på ein stad og i eit språk som er heilt framandt, klare å fortelje ei «sanning» om erfaringar som er fullstendig fjerne for dei som skal lytte, traumatiske opplevingar som ein anten alt har eller helst bør gløyme fordi ein elles mister grepet fullstendig? I tillegg har kanskje reisefølgjet, dei du flykta med, avtalt å halde seg til éi sams utgåve av historia, sjølv om ho ikkje er 100 prosent di eiga?

Korleis desse vilt motstridande motiva og pålegga tumlar rundt i Aishas forvirra og angstridde hovud, blir for meg det som sterkast sit att i denne etisk viktige boka som vil vel, men litt for mykje.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor og forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen greier ikkje heilt å bere stemmene til menneske som står ganske fjernt frå forfattaren sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis