Valden og språket
Birger Emanuelsen har skrive ein sterk roman om ansvar og impulskontroll.
Birger Emanuelsen er ein prislønt forfattar.
Foto: André Løyning / NTB scanpix
Roman
Birger Emanuelsen:
Jeg skal beskytte deg
Tiden Norsk Forlag
Er det råd å oppseda born til sjølvstende? Ein mann eg snakka med ein gong, sa at han gav sonen sin ei fri oppseding. Fridomen innebar at han fritok seg sjølv frå å læra han noko som helst. Slik eg perifert kjenner sonen, var metoden ingen dundrande suksess.
I den nye boka til Birger Emanuelsen møter me læraren Jon, som ei tid var logistikkansvarleg for Leger Uten Grenser i Zimbabwe. Han er gift med Vilje, og saman har dei sonen Andreas, som er fem år gamal. Jon er ingen studie i tolmod, han er brå og impulsiv, men han har ein føremon: Han veit om det. Det er likevel ikkje alltid nok. Andreas er lett å hanskast med for dei tilsette i barnehagen, men noko verre for faren. Det er eit kjend fenomen. Vørdnad syner me dei framande, me kjenner ikkje veikskapen deira, dei heime ser me opprådde mest dagstøtt.
Aggresjon
Jon vert fort irritert på sonen, tek uturvande hardt i han no og då, han er snar til å kjefta og stiller urimelege krav. Jon er elles litt kantete også mellom vaksne, og han har ein lei tendens til å gjera seg mistenkjeleg. Emanuelsen er svært god på å skildra nett dette, utan å utmala situasjonane. Ein gong kjem Jon i skade for å hjelpa ei fortvila jente på do i barnehagen der Andreas går, og eit slikt brotsverk kan jo få enorme konsekvensar, men Emanuelsen lèt den eventuelle utviklinga av prosessen etter hendinga skje i bakgrunnen. Likeins er det når Jon tek Andreas med på ein lang skogstur: Då dei kjem til ei hytte der to lærarstudentar held til, ser dei at Andreas har sår etter villmarkslivet, og både Jon og lesaren merker skepsisen deira, men om dette får noko etterspel, er det unemnd i boka.
Skogsturen tek stor plass, og han er eit høve for Jon til å prøva ut oppsedingsideane sine. Han meiner at Andreas er for pysete, og at han har plikt til å hjelpa han til å hjelpa seg sjølv. Turen går over stokk og stein, og hadde barnevernet observert hendingane, ville det nok resultert i full utrykking med blålys, sirene, jet og bazooka.
Dramatikk
I Zimbabwe hadde Jon nokre særs ubehagelege opplevingar, og dei forklarar ein del av åtferda hans. Han er svært oppteken av dramatiske hendingar ute i verda, for han vil stå budd når krisa kjem. Samstundes er han ein mann som prøver å forstå verda, ikkje minst valden. Kvifor finst han? Er han eit språk, eller berre kaotisk og primitiv aggresjon? Såleis er dette ein ambisiøs roman, han tek ikkje berre opp ei aktuell problemstilling, men tangerer mange, også slike som er tidlause, og han er ikkje minst ein roman som veks seg stendig betre under lesinga.
Også arv og miljø frå barndomen har prega Jon. Han nemner særleg faren, som måtte tola fysisk vald i oppveksten. Då Jon spør: «Fikk du aldri lyst til å slå tilbake?», svarar ikkje faren, men skiftar berre samtaleemne. Ja, det var nordmanns vis! Nett der, i passasjar som syner korleis folk fungerer i nære relasjonar, er Emanuelsen på sitt beste, og attkjennande frå røyndomen, i alle høve den eg kjenner til. Eg minnest ein slektning, ein mann av få ord, som låg for døden og vart plaga med nærgåande spørsmål av ei velmeinande svigerdotter: «Er du sikker på at det ikke er noe du vil si til sønnene dine, etter alle disse årene?» Han såg lenge på henne, og sa: «Eg har att ein sørvis på bila.» Han var ikkje dikta opp av Birger Emanuelsen, men det kunne han radt ha vore!
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I passasjar som syner korleis folk fungerer i nære relasjonar, er Emanuelsen på sitt beste.
Fleire artiklar
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Språkfag i spel
Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.