Vakne draumar, sovande røynd
Mosaikkspeilet byr på formsikre noveller om oppvekst, lagnad og det gåtefulle sinnet.
Svein Roger Nilsen bur i, skriv om og arbeider i Drammen.
Foto: Paal Audestad
Noveller
Svein Roger Nilsen:
Mosaikkspeilet
Tiden
Draumar i vaken tilstand er psykosar, hevdar Svein Roger Nilsen i den nye novellesamlinga si. Sjølv vil eg leggja til at minne er sovande røynd. Draum og minne er resultat av opplevingar. Men draumen er òg ei oppleving og kan gje minnet eit problem dersom ein drøymer i vaken tilstand. Personlege røynsler har fått meg til å meina at hjernen drøymer heile tida, men at draumen er lukkeleg avstengd frå det vakne sinnet. Konklusjonen er då denne: I søvne er alle galne.
Sentralt i novellesamlinga står ein lang og original tekst, «Prosjekt Geppetto», ein hybrid mellom novelle, roman og essay om årsakene til schizofreni. Dei andre novellene er meir klassiske og knytte til sosial interaksjon, stort sett i det same miljøet, i drammensdistriktet til litt ulike tider.
Musikalsk
Det er godt mogleg at forteljaren er den same i kvar av novellene. I den første og dei to siste minnest han i alle høve seg sjølv og andre gutar som voks opp i lag. Mellom alt det kvardagslege her skjer det tidvis dramatiske saker, ein gut øydelegg seg etter å ha fått høgspentstraum gjennom kroppen, ein annan får kreft i ung alder, og alt er plausibelt og ekte, Nilsen treng ikkje markera tid og stad med oppramsing av koordinatar, lesaren er straks med og trur på det som vert sagt. Her er fine replikkar med musikalsk bruk av talespråk, og språket er i det heile godt forma etter alderen og refleksjonsnivået til forteljaren.
I den andre novella i boka er han vaksen, tilsett i helsevesenet, truleg som sosionom, på heimevitjing hjå ein ny klient, eller brukar, som det så skånsamt skal heite. Denne brukaren kjenner han att som ein i utkanten av den gutegjengen han sjølv var ein del av over tretti år tidlegare. Og det er altså sosionomen som skriv den lange teksten «Prosjekt Geppetto», der han informerer på ein svært interessevekkjande måte om forskinga på schizofreni, søvn og draumar. Det er mykje opplysning å henta der, og just som i opplysningstida set han seg føre å finna ut av det han lurer mest på, ved å bruka seg sjølv som forsøkskanin.
Kausalitet
Denne teksten er interessant på fleire plan. Det eine er formidlinga av kunnskap både om sentrale idear og perifere personar, som til dømes dei merkverdige teikningane til Edmund Monsiel, som den eksperimenterande sosionomen ser i samanheng med portrettet av Edmond de Belamy, det første måleriet laga av såkalla kunstig intelligens.
Nilsen har ei spesiell evne til å finna slike fascinerande fenomen og skissera moglege samband mellom element ein skulle tru eksisterte heilt lausrivne frå kvarandre, i tillegg til å presentera tilsvarande kausalitetsrekkjer andre har postulert, som samanhengen mellom schizofreni og ymse rørsler med fingrane på venstrehanda. Og kan det vera slik at folk med visse sinnslidingar gjer som Monsiel, og utan påviseleg tildriv utanfrå tek til å teikna mannsandlet med stor bart og stirande augo, og ingenting anna?
Det andre planet i denne teksten er den språklege utviklinga medan eksperimentet går sin gang. Her er det ikkje lett å finna balansen mellom for lite og for mykje, men Nilsen har klart det på framifrå vis. Likevel er det all den spennande kunnskapen han formidlar, som sit fast i lesaren etterpå, ein må berre finna teikningane til Monsiel på nettet, og etterpå er ein nesten fortapt av undring og fascinasjon.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Likevel er det all den spennande kunnskapen han formidlar, som sit fast i lesaren etterpå.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.