Utsikt mot rettarstaden
Einar O. Risa skriv igjen med referansar til krigen og nær etterkrigstid.
Einar O. Risa skriv om Per som har eksistensielle problem.
Foto: Tiden
Roman
Einar O. Risa:
Mannen på balkongen
Tiden
I det danske landssvikoppgjeret fekk 103 danske statsborgarar dødsdom: 46 av dei blei eksekverte mellom 1946 og 1950. Det er langt strengare enn her til lands, der 30 dødsdommar enda i 25 avrettingar.
I Danmark blei 17 avretta i Undallslund Skov nær Viborg i ei tysk pansergrav som blei klargjort for oppdraget og seinare destruert, i København blei 29 avretta i Henrettelsesskuret på Bådsmandsstrædes Kaserne i Christianshavn, i dag Christiana. Der kan ein enno sjå betonggolvet med avløpsrist for blod. Det var frivillige politifolk som fylte eksekusjonspelotongane, ti mann for kvar avretting. Den siste som blei avretta, var Ib Birkedal Hansen, ein frykta angivar og gestapist.
Minneglimt
Dette er bakteppet for Einar O. Risas nye roman Mannen på balkongen, Risa går inn i tankane til den aldrande politimannen Per, som var ein av dei frivillige i den siste avrettinga. Frå balkongen kan han sjå over mot rettarstaden, og han står der dag ut og dag inn, tilbaketrekt og isolert, røykjer og tenkjer tilbake på det han deltok i, men også på livet han har levd saman med kona Maj, på vennen Peter, som også var med i eksekusjonspelotongen, og søstera, som passar på han og held han i aktivitet ved spaserturar i nærområdet.
Alt går i sirklar, alt er til og frå, alt er minneglimt og fragment, flimrande indre bilde som dannar ein mosaikk og ein rekonstruksjon av eit samliv under erkjenninga av at «hukommelsen er en skrøpelig oppfinnelse».
Eksistensielt
Ein ser etter kvart at Pers eksistensielle problem like gjerne er at kona er offer for ei trafikkulukke som at han sjølv var med og tok eit liv i 1950. Lesestolen hennar står urørt i årevis, bokstablane ved sida av like eins, med Klaus Rifbjerg, Herman Bang og andre danske klassikarar – i det heile tatt ein kultivert heim utan barn som kanskje kunne ha vore der.
Ein kjem aldri heilt innpå denne mannen. Han har gått heilt i stå og lever i sitt eige univers med skuldkjensle og anger for det han deltok i, for sjølv om vennen Peter har eit meir avslappa forhold til det, greier han ikkje slå seg til ro med at «Han fortjente det».
Mannen på balkongen er ein kort og komprimert tekst som utforskar korleis ein som aktør i den store, kollektive historia i det private endar som offer for eigne handlingar. Språket er finstilt og dramatikken er dempa, noko som blir nemnt i forbifarten når det dukkar opp i tankane, og denne lesaren sit tilbake med ei kjensle av at mannen på balkongen lever i «stillheten etter eksekusjonspelotongen», for å sitere Imre Kertész (1929–2016), den ungarske nobelprisvinnaren frå 2002.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mannen på balkongen er ein kort tekst som utforskar korleis ein endar som offer for eigne handlingar.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.