Bok

Utrøytteleg språkrøktar

Han, hun og hen er ei populærvitskapleg bok i den beste tydinga av ordet populær.

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og skriv både romanar og fagbøker.
Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og skriv både romanar og fagbøker.
Publisert

Takk og pris for Helene Uri! Ho står utrøytteleg på for å avsløre kjønnsskeivt språk og kjønnsskeiv språkbruk, og da «-skeiv» i den opphavlege tydinga av ordet. Det har ho gjort gjennom mange år. Og ho gjer mykje meir enn å avsløre; ho dokumenterer og illustrerer det ho seier, med eit arsenal av gode døme, frå talrike kjelder og på ymse språk.

Det er to grunnar til at eg startar denne meldinga med sterk ros. Den eine er at Uri held ut, år ut og år inn, mens det elles i ålmenta og ikkje minst i akademia kan sjå ut som om lufta etter kvart har gått ut av ballongen. Og det er det ingen grunn til at skulle skje. Språkleg blir kvinner og menn behandla ulikt, i offentlege og private samanhengar. Ja da, vi kan sjå endringar; somt har blitt betre i løpet av tiåra, men det er sørgjeleg langt att.

Den andre grunnen min har med det tvitydige i ordet skeiv å gjere. Dei skeive i den nyare tydinga av ordet er rett nok nemnde i Uris bok, men hennar ærend er ikkje språk, kjønn og makt i LHBT-perspektiv. Kjønnsperspektivet hennar er i hovudsak plassert i den tradisjonelle kvinne–mann-dikotomien. Og ho dokumenterer ettertrykkeleg at vi framleis er langt frå det vi kan kalle språkleg likestilling mellom kvinner og menn, også om vi ikkje problematiserer kjønnsomgrepet. Dette kjem til uttrykk i den ulike språkplassen menn og kvinner kan ta, offentleg og privat, og det gjeld ikkje minst korleis menn og kvinner blir refererte til språkleg. Begge delar blir godt dekte i boka til Uri.

Konkrete råd

Uri kallar boka Håndbok i språk og makt, og i eit slags etterord seier ho at boka er meint å dekke eit behov for ei praktisk lita rettleiing med konkrete råd. Om ikkje sidetalet i boka er spesielt lågt (195 sider), er formatet lite. Slik sett er det dekkande å omtale boka som handbok.

Denne velskrivne og lettlesne boka har fått ein spesiell struktur. Vi følgjer eit «du» gjennom 24 punktnedslag i løpet av ein lang dag på jobben. Vi er med på morgonmøte, på seminar, stoppar opp ved kaffimaskinen, vi erfarer at «du» skrollar på telefonen, er innom ein bokhandel på vegen heim og deltar på ein seminarmiddag om kvelden. Det er med andre ord arbeidslivet på ein typisk mellomklassearbeidsplass vi tar del i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement