JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Utlendingshistorier frå Svalbard

Annleislandet Svalbard gjev innsyn i korleis alskens utlendingar opplever Svalbard.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Line Nagell Ylvisåker er forfattar og redaktør i Svalbardposten.

Ragnhild Utne

4450
20230505
4450
20230505

Sakprosa

Line Nagell Ylvisåker:

Annleislandet Svalbard. Små liv i storpolitikken

Samlaget

Line Nagell Ylvisåker arbeider no som redaktør i Svalbardposten. Ho har budd på Svalbard i snart 20 år og er såleis ein av «veteranane» i Longyearbyen. Der er rundt rekna 40 prosent av innbyggjarane utlendingar. I den siste boka si teiknar Ylvisåker «miniportrett» av nokre av desse. I tillegg rapporterer ho frå særleg den russiske byen Barentsburg. Og ho skriv ein del om politikken som norske styresmakter i dag fører med sikte på å avgrensa den lokale røysteretten til utlendingane i Longyearbyen.

Eit av kapitla har overskrifta «Farvel demokrati og forskaren som ikkje kunne bli». Det handlar om den tsjekkiske sosialantropologen Zdenka Sokolícková. Med økonomisk støtte frå EU kom ho til Svalbard og skulle vera med på eit toårig forskingsprosjekt.

– No er det over og ut for folk som oss, skriv ho til forfattaren då ho vert kjend med framlegget om nye røysterettsreglar frå regjeringa. Dei nye reglane krev at utlendingar må ha budd «nede» på fastlandet i minst tre år før dei kan røysta i lokalstyreval i Longyearbyen. Dette meiner tsjekkaren vil føra til «segregering, grønvasking (sic), avmakt og framandkjensle».

Norsk suverenitet

Like underleg for ein nordmann er det å lesa om (den kurdiske) iranaren Omid Abolhasani. I 2010 fekk han endeleg avslag på søknaden sin om asyl i Noreg. Difor og dinest skulle han utvisast frå landet. I staden fór han til Svalbard. Der bur og arbeider han enno – så å seia nord for norsk lov og rett. Og tilsynelatande bortanfor Svalbardtraktaten òg all den tid Iran ikkje slutta seg til.

Svalbardtraktaten tok til å gjelda i 1925 og gjev Noreg suverenitet over Svalbard. Slik sett er Svalbard norsk jord. Samstundes er svalbardgrensene så å seia flytande: Innbyggjarar i land som har slutta seg til traktaten, har rett – på lik line med nordmenn – til å fara til Svalbard på uhindra vis og driva allslags maritim og industri-, bergverks- og handelsverksemd så lenge dei livbergar seg sjølve.

I alt har 44 statar signert og ratifisert Svalbardtraktaten. Så langt har Thailand ikkje gjort det. I Longyearbyen er thailendarane like fullt den nest største folkegruppa (etter nordmenn). Ylvisåker skriv journalistisk fint om thailandske «lagnader» på Svalbard, ikkje minst om born med thailandsk mor og norsk far.

Som lesar sit eg att med eit inntrykk av at bruken av ordet annleislandet om Svalbard likevel ikkje handlar om korkje innvandring eller avindustrialisering (jamfør nedlegginga av gruveindustrien). Slike samfunnsendringar særmerkjer stort sett fastlandet òg, særleg Oslo. Det spesielle er sjølvsagt den særstoda Svalbard «alltid» har vore i: både norsk og internasjonal, og ikkje minst sovjetisk/russisk med.

Solid handverk

Ylvisåker skriv reportasjeliknande kapittel om Barentsburg som i klårtekst syner effekten av ulike samfunnsmodellar. Både Noreg og Sovjet/Russland har gjennom tida subsidiert aktivitet/busetnad på Svalbard. Medan Longyearbyen verkar både velståande og «dynamisk», er det likevel tristessen som er slåande ved Barentsburg og den nedlagde gruvebyen Pyramiden. Det mest interessante ved Annleislandet Svalbard er når Ylvisåker skriv om storpolitikk frametter. Set at Russland vert like interessert i Svalbard som russarane er i til dømes Krym. Då har vi det venteleg gåande.

Tekstane til Ylvisåker er elles gjennomstrøymde av årstal, faktaopplysingar og bygde på både personlege opplevingar og ei lang liste med kjelder: aviser, bøker, rapportar og ymse andre dokument. Det er tale om solid handverk, og boka er lærerik. Eg får assosiasjonar i retning av det klassiske o-faget på skulen. Og det er sjølvsagt positivt meint. Samstundes skyggjer «fokuset» på dei utanlandske liva og lagnadene litt for sola.

Eg er like undrande som før når det gjeld kva vi – storsamfunnet – får att for pengane vi bruker på Svalbard. Truleg ligg svaret ein stad mellom «noko» og «mykje». For Svalbard hyser innovative arkiv og framtidsretta frølager, produserer høgteknologiske tenester og likjest ein framveksande «hub» for forsking. Kan henda dette er framtida òg? Det Svalbard synbert treng: nasjonale strategar av same kaliber som dei som stod attom Svalbardtraktaten.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i Sparebanken 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis