Bok

Utanfor og usynleg

Majken von Bruggens noveller er gode på ein vond måte.

Majken van Bruggen har skrive fem bøker sidan debuten i 2008.
Majken van Bruggen har skrive fem bøker sidan debuten i 2008.
Publisert Sist oppdatert

Utskudd er fellesnemnaren for dei åtte nye novellene frå Majken von Bruggen som for tre år sidan, med A for Agnes, viste at ho beherska novellesjangeren svært bra. Ho har eit skarpt og ømt blikk for det forsømde barnet og for ungdom i puberteten, men ho kan også ta for seg godt vaksne kvinner og menn som slit med einsemd, utanforskap og lengsel etter nærleik og kontakt. I mange av tekstane opnar det seg ingen vegar bort frå situasjonen, i andre finst det håp om endring, kanskje meir som draum enn realitet.

I opningsnovella «Ford Galaxy» møter vi 14–15 år gamle Vesla og Tora og 20-åringen Remi som køyrer bilen som har gitt novelletittelen, og ungjenter og -gutar med bil innbyr fort til tapt møydom og anger i etterkant. Von Bruggen rissar kort og effektivt opp bakgrunn og familierelasjonar, og med arbeidslause foreldre, fyll og spetakkel og ingen klare grenser, har Vesla heller ingen andre grenser enn dei ho veg å krysse.

«Algebra» handlar om Monica som slit med matematikken og får privattimar hos ein venn av faren. Det oppstår fort ei erotisk spenning mellom dei to, og dei går så langt det er mogleg utan å gå over streken. «Nå kan jeg algebra», slår ho fast og tilbyr ein gut i klassen privattimar.

I «Pappa er en skurk» vil ein far etter enda soning prøve å gjenopprette forholdet til den sjuårige sonen sin, men han har ingen trygge rammer å tilby, og dermed finst det heller ingen tillit å bygge på. Det faren vil reparere, er knust og øydelagt, kanskje for godt.

«Ane Liane» handlar om einebarnet Ane og om ei mor som har meir enn nok med seg sjølv. Ane er i skolealder og utan andre venner enn liksomvennen Miranda, som gir trøst og nærleik, men det blir ikkje nok, og Ane tar eit impulsivt, drastisk og uoppretteleg val.

Litt lysare i tonen er «Mens syrinene blomstrer» om to pleiepasientar som finn kvarandre på nettet i grenselandet mellom draum og realitet, og «Vikaren» har litt av den same desperasjonen etter kontakt og fysisk nærleik. Begge desse novellene balanserer mot det usannsynlege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement