Bok

Utanfor boksen

Whiteheads debutroman er djupt original.

Debutromanen til Colson Whitehead frå 1999 er no omsett til norsk.
Debutromanen til Colson Whitehead frå 1999 er no omsett til norsk.
Publisert

Av og til kjem ein over bøker som er noko heilt for seg sjølv. Dei krev gjerne litt ekstra av lesaren, men ein får betalt i ei utviding av tankebanar og horisontar. Amerikanaren Colson Whitehead fekk både Pulitzer-prisen og The National Book Award for Den underjordiske jernbanen, som kom ut på norsk i fjor. Intuisjonisten er debutromanen som viser at han frå starten var ein original diktar.

Den svarte boksen

At menneskelege talent og eigenskapar kan utnyttast på magisk vis, er ein forlokkande tanke, ofte brukt i den meir fantastiske delen av litteraturen. Intuisjonisten har islett av fabulerande prosa, sjølv om ein drage ville ha vore like feilplassert i Whiteheads univers som ein moderne skyskrapar i Game of Thrones. Den menneskelege intuisjonen blir brukt i noko så teknisk som heisinspeksjon.

Whitehead har ein eigen vri på det meste. Den innleiande uføreseielege hendinga som set den vante samfunnsordenen under press, er her ein heis i fritt fall. Skatten heltinna blir send ut for å finne, er ein svart boks som har med den mystiske delen av heisvitskapen å gjere.

Intuisjonisten liknar ikkje på noka bok du har lese før.. Språket er avansert, forteljarteknikken på grensa til innfløkt. Dessutan – og viktigast; den verdsordenen som herskar i samfunnet, er ikkje noko å trakte etter.

Lila Mae Watson er den første kvinnelege heisinspektøren i ein amerikansk storby, som ikkje blir nemnd med namn, men som utan tvil er New York i 1930-åra. Lila Mae er dessutan svart, eller farga, som det heiter her. Yrket som heisinspektør er særs ettertrakta i ein metropol i kraftig vekst, ikkje minst vertikalt. Frå før finst det berre éin farga heisinspektør. Han er empirist, medan Lila Mae er intuisjonist. Dette sver til kvar sin metode for praktisk ettersyn av heisar, ut frå to teoriar om heisvitskap. Ingen kan forklare kvifor intuisjonistane har høgast treffrate når det gjeld å finne feil. Dei berre veit. Empiristane jobbar teknisk. Båe foraktar kvarandre og tek i bruk skitne triks for å kome kvarandre til livs. Handlinga skyt fart etter at ein heis i eit prestisjefylt bygg Lila Mae har ansvar for, rasar ned. Det må vere eit komplott. Lila Mae tar aldri feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement