Utagerande oppvekst
Frederik Svindland viser at det ligg litterært potensial i dårleg oppførsel.
Fredrik Svinland debuterte som forfattar i 2016.
Foto: Lina Hindrum / Cappelen Damm
Roman
Frederik Svindland:
Jævelunge
Cappelen Damm
Frederik Svindland debuterte i 2016, og Pelargonia blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Saman med to nye romanar i 2018 og 2023 dannar desse ein trilogi om barndom og oppvekst i Porsgrunn og Grenland på 1990-talet. Svindland er sjølv født i 1985. Bøkene er stillfarne, lyriske og reflekterte, og dei formidlar vare stemningar, minne og kjensler på ein raffinert måte.
Med Jævelunge tar han eit steg vidare, men bakteppet er framleis det same: Porsgrunn på 1990-talet. Her går han tett på eit urbant skole- og oppvekstmiljø styrt av multietniske gjengar og halv- og heilkriminelle som dopar seg, slåst, naskar i butikkar, sel narkotika og lever på utsida av borgarskapsnormene.
Vil hjelpe
På skolen er forteljaren Vitold eller Vito meir på rektors kontor enn han er i klassen. Samtidig ser rektor forbi den utagerande oppførselen og prøver å hjelpe med samtaleterapi og gode råd. Han ser eleven og det som bur i han. Sånn sett framstår rektor Larsen som ideallæraren, med eit stort og varmt hjarte for dei som fell utanfor fordi dei ikkje godtar spelereglane i samfunnet og i staden hentar inspirasjon i eit opprørsk rapp- og hiphopmiljø som set ord på kva dei tenkjer og føler.
Rapp og hiphop fargar også språket, ja, ikkje berre fargar, det gjennomsyrer språket så grundig at denne lesaren må ty til Norsk slangordbok rett som det er for å få med seg kva for eksempel bæde, loka, munche, chugge, stashe, gæst og bounca betyr. Dette tøff i trynet-språket fargar også handlinga som blir formidla i ein styrt medvitsstraum, oppjaga, hektisk, med driv og tempo og rett på sak: «Hvem faen puler søskenbarnet sitt, sa jeg. Han putta greier i ølen hennes, sa Alvares. Det er voldtekt jo, sa jeg. Det er Porsgrunn, sa Halvor.»
Rå gjeng
Gjennom Vitold, halvt russisk og med ein far frå Nord-Noreg, blir lesaren presentert for ein ganske så rå og villstyren gjeng som når dei ikkje er på skolen, heng utanfor kjøpesenteret og lagar kvalm og bråk: «Noen folk er svake på en sånn måte at du får lyst til å utsette de for ting du veit de ikke tåler, jeg veit ikke hvorfor, men noen ganger får du bare lyst til å trøkke folk som har lagt seg ned, enda lenger ned, skjønner du?»
Det einaste Vitold tar på alvor, er musikken og dei store, amerikanske heltane innanfor rapp og hiphop, blant andre 2Pac, Snoop Dogg og Ice-T. Det opprørske og samfunnskritiske hos desse artistane blir ein del av den pubertale identiteten som formar han frå tolvårsalderen. Men han har også ei anna side, ømmare, snillare, og når han møter Kaja 2000, er det gjort, han forelskar seg i ei som ikkje liker det miljøet han kjem frå, og dei haldningane han har.
Korleis det går med Vitold, får lesaren sjølv finne ut av, men Frederik Svindland sjølv treffer midt i blinken med denne nærgåande, røffe og sjargongprega romanen tett på hans eigen oppvekst. Målgruppa er kanskje hans eigen generasjon og dagens unge, men sjølv ein eldre herre fødd i 1950 ser kvalitetane i det han skriv, og Jævelunge er tidvis jævla god.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»