Bok
Ut og gå i hundane
Petterson skriv om å kjenne sitt eige kritiske blikk i nakken.
Per Petterson har brukt seks år på den nyaste romanen sin.
Foto: Baard Henriksen
«Det det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg», heiter det hos Paulus. Menn i min situasjon har fleire streif innom eit gudsnærvær, både det refsande og det trøystande. Arvid Jansen er ein mann i fritt fall, han krafsar etter noko å halde fast i.
For dei som kjenner sin Petterson, tør forfattaren sitt alter ego vere ein kjend figur, sist frå boka som skaffa Petterson Nordisk råds litteraturpris, Jeg forbanner tidens elv. Om ein kjenner Arvids biografi og topografi, gjer det kanskje meiningsrommet til romanen større, men boka står trygt på eigne bein. Lese opp mot andre Arvid-romanar er likevel denne siste kanskje ikkje den aller sterkaste.
På kjøret
Det handlar om kriser, dei store tragediane i eit liv som kan knekke ein mann. Arvid Jansen blir ramma av to veldige slag som sender han ut på ei ferd som skal vare i fleire månader, ei reise der det einaste målet er å kome seg gjennom nok ein dag og ei natt. Først kjem den katastrofen som konsekvent blir omtalt som «skipsbrannen» (dei fleste vil skjøne at det er Scandinavian Star-ulykka det er snakk om). Den neste tragedien er eit samlivsbrot, verkande som eit ope sår. Arvid held ikkje ut å sove i den halvtomme dobbeltsenga. Ofte går han og legg seg i bilen, ein vane han alt la seg til før brotet var eit faktum. Like ofte gir han seg ut på nattlege køyreturar, mil etter mil gjennom Oslo og områda aust for Oslo – eller ned til Sverige for å få ro til å lese. Og han går på byen i «vill lengsel etter hudkontakt eller hva som helst annet jeg kunne få tak i».
Men smerta blir ikkje borte. Medisinen han har skrive ut for seg sjølv, funkar ikkje etter planen. Han får det rett og slett ikkje til med damene. Petterson viser på ny at han kan dette med å skildre menn når dei er sårbare. Når Arvids hjelpeløyse er på sitt djupaste, er Petterson på sitt beste.
Han er forfattar, men greier ikkje å skrive. Når han trur han har nådd botnen, blir skruen i den sjelelege torturen skrudd til enda eit hakk. Relasjonen mellom far og døtrer er skjør, og det er blant dei aller sterkaste smertepunkta i boka. Korleis dei tynne, tynne trådane av kontakt ryk, er rett og slett hjarteskjerande lesnad. Men her oppstår òg komikk. Midt i den svarte gråten – som sjølvsagt stort sett ikkje blir gråten, ein er då mann – er det dropler av lys og lått.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.