Upresist om Noreg som annleisland
Forfattarane er ikkje tydelege nok på kva mekanismar som gjer at utanlandske impulsar skapar store ringverknader i norsk politikk.
Sakprosa
Øystein
Sørensen og Nik. Brandal:
Det norske demokratiet og dets fiender 1918–2018
Dreyers forlag
Boka tek til med den mest krevjande krisa i det norske demokratiet, då Det norske Arbeidarparti like etter fyrste verdskrig var eit revolusjonært klassekampparti, proletariatets diktatur inspirert av den russiske revolusjonen. Ved Stortingsvalet i 1918 fekk partiet 32 prosent av røystene. Kvar tredje nordmann røysta med andre ord for å kaste det liberale demokratiet.
Den revolusjonære retorikken til arbeidarrørsla skremde dei borgarlege partia og gav næring til nasjonalistiske straumdrag på høgresida i norsk politikk. Framveksten av Fedrelandslaget, Samfunnsvernet og Nasjonal Samling i 1930-åra var del av denne utviklinga, som kulminerte med Vidkun Quislings statskupp i april 1940.
Nye utfordringar
Etter andre verdskrig kom nye utfordringar frå det revolusjonære venstre. Fyrst frå det NKP som trufast fylgde Stalins pragmatiske lineskifte – både då han samarbeidde med dei tyske nazistane, og då han samarbeidde med dei amerikanske demokratane. Dinest frå maoistane i AKP-m-l, som slo ut i full totalitær blom rundt 1970. Begge kommunistpartia var kritikarar av Noregs nære tilknyting til USA. Åtaka deira på Noregs liberaldemokratiske styresett var slik sett ein refleks av dei internasjonale spenningane i tida.
Dinest tek boka føre seg den nynazistiske utfordringa som voks fram i 1980- og 1990-åra. Sørensen og Brandal legg vekt på at det Noreg har hatt av valdeleg ekstremisme, har kome frå høgrenasjonalistiske miljø. I 1990-åra gjennomgjekk dei høgreradikale miljøa mutasjonar som dreidde dei i retning av innvandringsmotstand og kamp mot politisk islam.
Boka tek til slutt for seg den radikale islamismen, som representerer ein ny type utfordring. For medan tidlegare motstandarar – både frå det ytste venstre og frå det ekstreme høgre – forankra argumenta sine i verdiar frå opplysningstida og knytte seg opp mot tradisjonelle norske normer, hentar islamistane motiv frå ein framand religion.
Medan tidlegare ekstremistar, både til høgre og til venstre, har spela på Grunnlova og knytt seg opp mot tradisjonen frå 1814 og 1905, står islamistane utanfor denne tradisjonen. Her reiser boka tvil om dei metodane som det norske demokratiet har brukt for å takle tidlegare utfordringar, kan fungere på politisk islam.
Kva slags metodar er det snakk om? Det korte svaret er: toleranse, pragmatisme og sunn fornuft.
Sørensen og Brandal skriv at når det norske demokratiet er blitt utfordra, har det alltid vist ein «åpen, imøtekommende hånd». Grupper som ønskjer å avskaffe det liberale demokratiet, har fått nyte godt av liberale fridomar. Dei har fått ytre seg og vise seg fram. Resultatet har alltid vore at gruppene er møtte med hovudristing, latter og hån frå fok flest.
Men om styresmaktene har vist ei open hand, har dei òg halde ein pansra neve bak ryggen: Overvakingspolitiet har som regel halde eit auge med gruppene. Etterretningsagentar har laga mapper og fylt dei med rapportar. Men styresmaktene har alltid handsama slike grupper som eit ordensproblem og ikkje som ein politisk fiende, slår Sørensen og Brandal fast. Etter andre verdskrig, då styresmaktene var prega av landssvikoppgjeret med NS, blei kommunistane i NKP likevel oppfatta som agentar for ei framand makt.
Troll sprekk
Boka er bygd opp kring ein bølgjemetafor. Metaforen er eit godt grep som organiserer hundre år med norsk politisk historie i ei enkel og straumlineforma forteljing. Men han er ikkje nøytral. Han påverkar analysen. For det fyrste driv han argumentasjonen i retning av ei enkel forteljing om at norsk historie er spesiell: at Noreg har avvist utfordringane frå illiberale dønningar fordi folket er så grunnleggjande demokratisk.
Dette leier tankane til Bjørnstjerne Bjørnson og norske nasjonalhistorikarar som tilla den norske nasjonen spesielle eigenskapar. Dei påstod at det norske folket er eit spesielt fredsælt eller demokratisk folk, og at årsaka til det ligg i særskilde historiske og kulturelle omstende.
Sørensen og Brandal fell tilbake på denne kulturhistoriske forklaringa når dei drøftar utfordringane mot demokratiet. Det er Noregs nasjonale kultur som til sjuande og sist har gjort landet i stand til å takle ekstremistiske utfordringar. Det kan godt tenkjast at troll sprekk når dei får dagsljos på seg, men det ville vere roande å vite kvifor.
Likevel kjem forfattarane i tvil når det gjeld politisk islam. Det er ein openberringsreligion og støttar seg ikkje på premissar som kan diskuterast, og fornuftsbaserte argument. Slikt gjer dialog og kompromiss vanskeleg. Dessutan kjem islamismen utanfrå og bryt med den opplysningstradisjonen som den norske Grunnlova byggjer på. Politisk islam er ikkje ein organisk del av den norske kulturen, og han søkjer ikkje å tilpasse seg. Dette gjer forfattarane urolege. Dei meiner at radikal islam er eit nytt og særeige trugsmål. Dei ymtar òg om at trugsmålet har auka etter at internettet kom, fordi dei islamistiske fiendane til demokratiet ikkje lenger treng å ta omsyn til den politiske røynda i Noreg; dei kan leve i eit virtuelt fellesskap – eller i ei fantasiverd. Men forfattarane fører ikkje analysen heilt i hamn. Boka endar brått, utan å samle dei mange trådane i nokon overgripande konklusjon.
Historisk kultur
Kvar kjem denne særeigne norske kulturen frå? Frå historia, seier forfattarane. Og kulturen har sitt fremste politiske uttrykk i Grunnlova. Det er eit svar med anar tilbake til Montesquieu, men det er romantisk og eigenleg ikkje særleg presist.
Og kvar kjem utfordringane frå? Her er forfattarane klåre og presise: Dei kjem utan unnatak frå verda utanfor. I løpet av dei siste hundre åra har hendingar i utlandet ført til at den eine ekstremistiske bølgja etter den andre har skylt inn over Noregs demokratiske landskap.
Forfattarane må rosast for å setje Noreg og norsk politikk inn i ein ordentleg internasjonal samanheng. Men dei kan kritiserast for ikkje å utnytte dette grepet godt nok. Dei leitar ikkje alltid like grundig etter opphavet til dei ulike bølgjene. Dei er ikkje tydelege nok på kva slags mekanismar som gjer at utanlandske impulsar kan skape så store ringverknader i norsk politikk. Dei utnyttar ikkje dei metodiske sjansane som ein internasjonal analyse opnar for.
Dei ideologiske bølgjene etter omkalfatringane i Russland, Tyskland og Kina råka ikkje berre Noreg, dei råka alle liberale demokrati. Her ligg eit høve til å samanlikne dei norske reaksjonane med tiltaka i andre demokratiske land. Ei slik samanliknande drøfting av trugsmålshandtering kan vere utgangspunktet for ein meir systematisk analyse og føre til djupare diskusjonar om korleis ulike demokrati har takla det internasjonale trugsmålet på ulikt vis. Dette kunne i sin tur kaste eit skarpare ljos over bokas kjernespørsmål: Har det norske demokratiet verkeleg takla fiendane sine på ein eksepsjonell måte?
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn Knutsen er professor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka endar brått, utan å samle dei mange trådane i nokon overgripande konklusjon.
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»