Bok
Unntakstilstand og illusorisk tid
Skaret skriv innsiktsfullt om det uhandgripelege.
Erlend Flornes Skaret kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Den nye romanen hans er den fjerde.
Foto: Espen Santosh Meling
Fysikarar og fysakar diskuterer i våre dagar om tida eigentleg eksisterer. Det har dei tid til. I den nye romanen til Erlend Flornes Skaret møter me ein velinformert kar som har sine eigne meiningar om slike saker. Det syner seg etter lang tid at han heiter Jon, og etter kort tid at han bur i Steyr i Austerrike.
Ting tyder på at han er norsk og har rikeleg med skjegg, men smått med vener. Den einaste er Guttmann Kornelius, som i byrjinga av romanen er på veg til Jon for å banka han opp. I midten av romanen er han framleis på veg, og først mot slutten vert konfrontasjonen eit faktum. Det er altså ikkje den ytre handlinga som driv denne romanen. Det meste finn stad inne i hovudet på Jon, som under pandemi og unntakstilstand tenkjer mykje, tidvis originalt og intelligent om grunnleggjande fenomen så vel som trivialitetar, og han har språk og kunnskap til å gjera det uhandgripelege tydeleg for lesaren, så tydeleg som ord kan gjera det utydelege.
Årsak og verknad
Han seier til dømes at han ikkje trur tida finst, berre «ei einaste stor utfalding i det vi for enkelheits skuld kan kalle eit rom». Og vidare: «Eg trur på rørsle. Eg trur på aksjonar. Eg trur på reaksjonar.» Det er jo ein definisjon på kausalitet, og den har ei retning, verknad fylgjer årsak, og det skal me i grunnen vera glade for. Likevel skal du radt sjå at han Jon har rett.
Jon trur ikkje på entropi heller, men alt det han ikkje trur på, er han vantruen om på spennande måtar, han argumenterer godt om slikt som neppe dominerer tankelivet til dei fleste. Han har sett seg inn i mangt, men når han ein stad hevdar at ein ikkje kan seie: «Eg grin, derfor er det trist», vil eg gjera merksam på at James-Langes emosjonsteori seier at det just er slik det har seg. Kanskje alt er vekselverknader mellom stimulans og respons.
Me møter ein del personar i denne boka, eller me ser dei no og då, mellom anna grannane til han Jon, i tillegg til ein sekulær dommedagsprofet, og ikkje minst den prostituerte Denise, som nok er med mellom årsakene i den kausalitetsrekkja som ustoppeleg fører fram til augneblinken då Guttmann Kornelius omsider skal banka opp Jon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.