Bok
Universelt og gyldig
Vanlegvis hoppar eg over heime hos-reportasjar og interiørstoff. Trollefossvegen 23 er alt anna enn det, men handlinga går definitivt føre seg heime hos.
Siri Helle har busett seg i heimbygda og arbeider som skribent, journalist og snikkarassistent.Siri Helle har busett seg i heimbygda og arbeider som skribent, journalist og snikkarassistent.
Foto: David ZadigFoto: David Zadig
Sakprosa
Siri Helle flytta heimanfrå då ho var 16 år gamal. Sidan har ho vore på reis og budd ei rekke ulike stadar. I Trollefossvegen 23 får vi vere med henne på eit livsval som ho finn meiningsfullt og rett, men òg skremmande. Siri flyttar tilbake til heimbygda etter alle desse åra ho har vore på loffen, studert eller okkupert. Ikkje berre det, ho flyttar saman med kjærasten Asle. Saman tek dei opp bustadlån, kjøper eit gamalt hus og går i gang med å sette det i stand. Til all lukke er Asle tømrar med eit rikhaldig arsenal av verktøy.
Ein heim
Vi får bli med på istandsettinga av det gamle huset. Mykje må rivast før det kan byggast oppatt. Av og til blir dei praktiske oppgåvene skildra i detalj, og vi får forklart kva verktøy som er best til kva oppgåve. I denne prosessen reflekterer Siri over det ho gjer her og no, men òg over det som har vore – politikk, reiser og stadar ho har budd på gjennom alle desse åra. Dei ulike oppgåvene leier tankane inn på ulike fasar i livet.
Vi får vere med til barndomen i Holmedal, og vi får treffe slektningar gjennom tankar og digresjonar som dukkar opp undervegs i arbeidet. Kompost, matauk, mattryggleik, sjølvforsyning, globalisering, jordbruk, gjenbruk og skogbruk er tema som og dukkar opp i støvet frå riving av gamle golv. Dette er tema som vi kjenner godt frå forfattarskapen til Helle, og innimellom tek eg meg i å tenke at dette er kjent stoff, og at eg veit kva som skal dukke opp i argumentasjonsrekka eller på neste side. Heldigvis tek forteljinga overraskande vegar, og eg blir gladeleg med rundt til neste side.
Dei levande skapningane som etter kvart dukkar opp i tunet, endene, hønene og ikkje minst katten Tussi, er òg med på å gje grobotn for refleksjonar og tankar om dyrevelferd og samspelet mellom dyr og menneske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.