Underhaldande og tullete
Erlend Loe har som alltid eit skrått blikk på si eiga samtid.
Erlend Loe er forfattar, kritikar, omsetjar, gjendiktar og film- og serieskapar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss / Cappelen Damm
Roman
Erlend Loe:
Drømmenes sykkelregister
Cappelen Damm
Erlend Loe debuterte som forfattar med romanen Tatt av kvinnen tilbake i 1993. Det er 30 år sidan, og årets bok markerer sånn sett eit jubileum. Han er svært produktiv, i alt har han signert 45 titlar, filmmanus og omsetjingar irekna. Det store gjennombrotet var Naiv. Super (1996), der han stod fram med den naivistiske skrivestilen som seinare har blitt Erlend Loes varemerke.
Drømmenes sykkelregister handlar om 27 år gamle Solveig, som heller vil heite Sara eller Sara-na-Mara eller Fleur, før ho landar på Flexie-Belle utan etternamn, og om desse namneskifta er ho i stadig korrespondanse med Skatteetaten og Folkeregisteret, samtidig som ho også stadig skriv og ringjer til forsikringsselskapet sitt om syklar som blir stolne i draume.
Målretta kvinne
Ingen kan hjelpe henne med dette, og til slutt tar ho saka i eigne hender og opprettar Drømmenes sykkelregister, der alle som får syklar stolne mens dei søv, kan registrere seg for ein rimeleg penge. Denne gründerideen blir fort verdsomspennande og gir eventyrlege inntekter. Frå å vere ei overflatisk, retningslaus og svermerisk ungjente utan særleg dømmekraft forvandlar ho seg til ei effektiv og målretta forretningskvinne som tener store pengar på ingenting.
Det heile er underlagt ein absurd logikk og draumens koreografi, tid og rom blir flytande, all kronologi blir relativ, og inn og ut av fantasifulle draumar møter ein både Einar Tambarskjelve, babylonarar og hettittar, som alle stel syklar og er til plage og plunder. I tillegg har Solveig eller kva ho heiter, ein tendens til å hamne i seng med både sykkeltjuvar og andre. Ho skriv ein liggeblogg der ho rangerer partnarar frå éin til elleve. Einar Tambarskjelve får ni, men han er ein slask.
Elegant tull og tøys
I same husvære som Solveig etc. bur også Knut, som skriv doktoravhandling om noko så samfunnsnyttig som blåbær, og nokre trapper lenger oppe, bur Lokkemannen, som stadig er ute med sjokoladen sin, men nabojenta, Den ulokkelige, lar seg ikkje lokke. Det blir etter kvart par av desse fire, og alle hentar ut gode inntekter frå sykkelregisteret.
Denne ironiseringa over gründer-, bloggar- og influensargenerasjonen er både treffsikker og utruleg morosam i all sin absurditet og surrealisme, og korrespondansen med Folkeregisteret og ein telefonsamtale med Trondheim kommune er elegant tull og tøys om alt og ingenting, der avsendaren heilt utan filter blandar det intimt private (liggebloggen) med useriøse ønske om namneendring og erstatning for stolne draumesyklar.
«En solskinnshistorie!» står det øvst på omslaget som ein slags undertittel, og som i alle solskinshistorier endar det meir enn godt: Solveig etc. får til slutt gjennomslag hos Folkeregisteret og kan ta namnet Flexie-Belle utan etternamn, og ho går ut av historia som rik og vellukka. Om alt er ein draum utan kontakt med det verkelege livet, blir opp til lesaren å vurdere. Morosamt var det uansett.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.