Bok

Under takt og tone

Presist, ærleg og skarpt om individet som kjønn, kjensler og intellekt.

Tron Jensen debuterte med ein roman i 1990 og har skrive fire bøker.
Tron Jensen debuterte med ein roman i 1990 og har skrive fire bøker.
Publisert

Vaksen er du når du forstår at du bør venta med å tykkja synd i deg sjølv til du har ei legitim årsak. Det er for lang ventetid for dei fleste.

I romanen I sommervinden av Tron Jensen møter me den psykomotoriske fysioterapeuten Henrik som ikkje er særleg plaga av sjølvmedkjensle. Han er fråskild, kan hende av di kona, Mona, ville ha tid til å dyrka anoreksien sin. Han har to såkalla vaksne søner og er i byrjinga av romanen i bryllaupet til den yngste, Øystein. Korkje Henrik eller Mona har visst at Øystein hadde ein kjærast, så bryllaupet kjem ein tanke bardus på. Framgangsmåten til yngstesonen tyder vel på at kommunikasjonen ikkje er den beste i ruinane av kjernefamilien, men feiringa går likevel fint og for det meste av seg sjølv, briljant summert opp i konstaterande meldingar av denne typen: «Man fotograferte.» Tradisjonen har gjort det lett for folk, spontaniteten lyt vika for formalitetane.

Musikk

Etter bryllaupet får Henrik det for seg at han vil reisa til ein sørlandsby til sommaren, for å oppleva ein musikkfestival. Henrik har studert musikk under ein kompromisslaus dansk professor, Mogens, som fann noko gale med alt, med unnatak av visse verk av komponistar som Schönberg, Berg og Webern. Desse verka vart også definerande for den sjølvinnsikta Henrik nesten er viss på at han har.

Henrik gjer som han har tenkt. Han reiser til Sørlandet og får Mogens i tale, men det er eit møte mellom to som er framande for kvarandre, og der Henrik er medviten om at det berre er han som eigentleg ynskjer dialog. Dette møtet er særs godt skildra, Mogens seier ikkje noko uvenleg, men Jensen får lesaren til å forstå tankane og haldningane til professoren, som, sjølv om han er avmålt og høvisk, utstråler den umiskjennelege arrogansen til slike som ser seg sjølv som dei største autoritetane på sitt felt, vel å merka eit fagfelt utan kvalitativ fasit. Han er med andre ord, slik denne lesaren tolkar han, først og fremst ein elitist, og dermed religiøs i si overtyding om at det relative er absolutt, og det arbitrære er universell sanning.

Nøktern refleksjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement