Ujamn novelledebut
Eg veit ikkje om eg skal kalle det gull i grusen eller grus i gullet.
Rannveig Leite Molven er fødd i Bergen.
Foto: Eivind Senneset
Noveller
Rannveig Fern Leite Molven:
Vannvokteren
Cappelen Damm
Rannveig Fern Leite Molven har mottatt gode kritikkar for romanane sine. Ho er blant anna kalla «språksikker», «overtydande» og «presis». Når ho no debuterer som novelleforfattar, framstår ho ikkje like trygg i forma. Novellesamlinga blir både for lang og for kort, om ein kan seie det slik.
17 noveller i innhaldslista verkar mykje, men det skal vise seg at fleire av tekstane er svært korte. Dette er likevel ingen fordel. Mellom sterke noveller finst endå fleire svake; dei verkar uferdige og plasserer seg i heilskapen dermed som strekk ein i retrospekt nærmast får lyst til å hoppe over for å gi rom og luft til dei meir velkomponerte tekstane.
Opningsnovella «Det vakre barnet» er ei av samlingas beste, der temaa barn og barnløyse, tap og gjenreising, får spele seg ulmande ut i ein sosial fellesskap av venninner og familiane deira. Teksten er ubehageleg på ein god måte og sit framleis i meg som ein støkk. Tittelnovella «Vannvokteren» er gjennomarbeidd og gripande og lagd til ei tid der menn kunne ha som jobb å regulere elvevatn, einslege kvinner blei uglesette i bygda, og der ungar av og til voks opp. Novellene «Lipgloss» og «Paradis» har òg forteljetekniske kvalitetar, der det som skjer, langt på veg får kome fram gjennom det som ikkje skjer. Og «Roxy» har noko spennande ved seg som framtidsscenario som inneheld eit lysande portrett av ein grand danois.
Dei tekstane som kretsar rundt «hendingar» som vi ikkje får vite noko meir om, men i staden om konsekvensane av dei, er dei beste. Men dei må samstundes vere utbygde til eit sjølvstendig tekstunivers. Dei knappare tekstane lid under at dei byr på for lite. Dei blir som korte blaff utan hovud og hale, og utan knaggar som ville skapt substans. Til sist greier eg ikkje halde dei frå kvarandre, og det kan umogleg vere poenget med ei novellesamling. Dei er kanskje ikkje så like, men dei har til felles at dei manglar eigenart.
Her er mange dyr i samlinga, særleg kattar. Som regel er dei fint skildra og integrerte. Men å sjå ei verd og ein situasjon gjennom auga på ein katt, som i «Kattene i Kyiv» er ikkje noko godt påfunn. Det blir ein fiks idé i ei svak utføring.
Rannveig Fern Leite Molven er framleis overtydande og presis i sjølve språkføringa, som sitert i byrjinga. Ho viser framleis ei skarp observasjonsevne. I «Paradis» blir ein plettfri heim skildra inngåande, blant anna gjennom ein elegant negasjon der det heiter at «kjøkkenet ikke lukter noe, ikke mat, ikke vaskemidler.» Det er urovekkande plettfritt.
Slike gode takter på setnings- og bildenivå er eit av kjenneteikna på Molven som forfattar. Denne gongen manglar eg berre å bli overtydd på sjangerplanet.
Ingvild Bræin
Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.