Bok

Uforklarleg

Forklaringen er ein diffus krimaktig roman frå Gaute Heivoll.

Gaute Heivoll har fått ei rad litterære prisar etter debuten i 2002.
Gaute Heivoll har fått ei rad litterære prisar etter debuten i 2002.Gaute Heivoll har fått ei rad litterære prisar etter debuten i 2002.
Publisert Sist oppdatert

Roman

Gaute Heivolls siste roman tar utgangspunkt i ei verkeleg hending, eit drap på ei ung jente i Kristiansand-området i 1967. Kor mykje romanen skil seg frå det faktiske, blir det ikkje informert om. Det tyder på at forfattaren har gjort seg ganske fri i høve til det røynlege, og at lesaren også må lese historia som fiksjon.

På den andre sida er det vanskeleg å lese ein roman om eit drap på ei ungjente i nærleiken av Baneheia utanfor Kristiansand utan å tenkje på ei anna og mykje meir kjend barnedrapssak, den frå år 2000. Desse omstenda blir liggande og vake i bakgrunnen når ein les Forklaringen, og skapar ei uro som eg blir usikker på kva Heivoll vil med.

Romanen har tydelege trekk frå krimsjangeren, særleg psykologisk thriller. Røynde krimforfattarar gjer dette betre i plotdrivne tekster der også mørke sider ved menneskesinnet vert lodda. Forklaringen er overraskande uforløyst frå ein mann som presterte den råsterke Før jeg brenner ned (2010), også ein «thrilleraktig» tekst, men med ein heilt annan intensitet og større djupn. Heivolls nye roman endar som verken fugl eller fisk.

Dei som står utanfor

Femten år gamle Eli blir funnen drepen i eit skogsområde like utanfor Kristiansand, stukken i hel med kniv. Den noko evneveike (i boka, som delvis brukar vokabularet frå den tida handlinga er sett i, heiter det «åndssvake») Arne blir raskt kopla til saka og mistenkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement