JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tyrkisk melankoli

Burhan Sönmez har konstruert ein mosaikk av ein roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Burhan Sönmez har kurdisk bakgrunn og har vakse opp i Tyrkia. Dei fem bøkene han har skrive, er omsette til over 40 språk.

Foto: Luay Albasha

3777
20230707
3777
20230707

Roman

Burhan Sönmez:

Stein og skygge

Omsett av Bjørn Alex Herrman
Aschehoug

Dei fleste kjenner scener frå verdslitteraturen som skjer på ein kyrkjegard. Om ein vil seie noko vesentleg om livet, kjem ein ikkje utanom døden. Men eg har ikkje lese så mange bøker der ein gravlund er sjølve navet som handlinga kretsar rundt. I denne romanen høver det godt, også fordi Tyrkia sjølv er eit land som enkelte påstår er «heimsøkt» av fortida. Det er dei store spørsmåla i livet Burhan Sönmez vil utleggje for oss, men like mykje fortel han om nasjonen Tyrkia og den brokete historia til det mangslungne landet.

Stein og skygge er på alle måtar kompleks. Handlinga er ein labyrint av tidsplan og karakterar det til tider er krevjande å finne fram i. Kronologien er mildt sagt springande. Boka er både tragisk og sødmefylt. Stilen er moderne, men har samstundes islett av langt meir tradisjonelle former. Også referansane forfattaren nyttar, spenner vidt, dei peikar både mot eldgammal klassisk litteratur og mot populærkultur.

Burhan Sönmez er leiar for internasjonale Pen. Det politisk engasjerte pregar boka, og ein må kanskje kjenne tyrkisk historie og politikk for å få fullt utbytte av denne viktige sida ved henne. Eg vil likevel meine at Stein og skygge er leseverdig også utan slik innsikt, dessutan lærer ein ikkje så lite undervegs.

Melodrama

På ein kyrkjegard i Istanbul bur og arbeider ein godt vaksen mann som heiter Avdo. Her har han funne sin heim og sin misjon som gravsteinhoggar og vismann. Steinhoggaryrket lærte han som foreldrelaus gutunge, visdomen har han fått gjennom eit omflakkande liv som har bydd på meir sorg og sut enn glede. Han lever enkelt og einsamt med hunden sin, nokre kjenningar og éin god ven som kjem innom ein sjeldan gong.

Romanen opnar med ein dramatisk scene. Seint ein kveld blir Avdo var at det er nokon inne i skuggane. Først trur han det er ei av åndene som held til på kyrkjegarden, men det viser seg å vere ei høgst levande ung kvinne. Ho er på flukt frå politiet og ille medfaren, Avdo hjelper henne i skjul. Den unge viser seg å vere tett knytt til steinhoggaren sjølv.

Mange boksider og år seinare ser vi at dei framleis har tett kontakt. Korleis og kvifor skal eg ikkje røpe her! Denne romanen er nemleg også ein spenningsroman og har ikkje så lite preg av melodrama: Her er elskande par som flyktar i natta frå sjalu og valdelege ektemenn, par som kjem saman att på romantisk vis – berre for å bli skilde på ny.

Dette kan bli i meste laget for ein norsk lesar anno 2023. Det kompositoriske reisverket i romanen er imponerande komplekst, men i slike parti tangerer forfattaren melodramaet. Det gjeld aller mest i dei uttværa dialogane som ein viktig karakter i boka, ei kjend arabesk-songarinne, har med den fortrulege venninna si. Arabesk tyder nettopp mosaikk og er ein populær og særs tyrkisk songtradisjon. Sidan det er ein type popmusikk, er tekstane kanskje noko klisjéprega? (Eg kan ikkje tyrkisk.) I alle fall har desse bolkane eit overraskande preg av triviallitteratur midt oppe i ein elles sprenglærd roman.

Det vakre og det vonde

Når det er sagt, er her mykje å glede seg over. Vi blir glade i Avdo og dei andre skapningane, både dei over og dei under jorda. Dei er skildra med vørdnad og innsikt. Tidsspennet er imponerande, forfattaren tek oss i korte riss heilt attende til forhistoria til storbyane Istanbul og Ankara, til Anatolia og området rundt elva Eufrat. Og hovudhandlinga strekker seg frå 1930-talet til innpå 2000-talet.

Det kan ikkje ha vore enkelt å setje om denne romanen. Så vidt eg kan forstå, har Bjørn Alex Herrman gjort ein grundig jobb.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis