Bok

Tusseladden Ibsen

Erlend O. Nødtvedts forteljing om Henrik Ibsen er spinnvill og uærbødig.

Erlend O. Nødtvedt debuterte som lyrikar i 2008. Den første romanen kom ut i 2017.
Erlend O. Nødtvedt debuterte som lyrikar i 2008. Den første romanen kom ut i 2017.Erlend O. Nødtvedt debuterte som lyrikar i 2008. Den første romanen kom ut i 2017.
Publisert

Roman

I 1851 vart den 23 år gamle Henrik Ibsen tilsett på Det Norske Theater i Bergen av Ole Bull, som hadde grunnlagt teateret året før. Den unge diktaren kjem til byen som ein totalt ukjend figur, sosialt utilpass, forfylla og meir rar enn sjarmerande eksentrisk – og med heilt nye idear for kva dramatikk skal vere.

Teaterdirektøren har absolutt ikkje sansen, og betre blir det ikkje av at stykka til jyplingen (Sancthansnatten og Fru Inger til Østråt) konkurrerer med hans eige om både skodespelarane og publikums gunst. Som ein Salieri mot ein Mozart fører han sjølvsagt ein håplaus kamp.

Soga er komponert som eit uferdig sujett, altså eit utkast til eit drama, med utgangspunkt i nokre sensasjonelle brev forfattaren (som er ein karakter i handlinga, og som heiter Erlend Nødtvedt) har funne. Breva gjer at heile historia om Ibsens tid i Bergen må skrivast om.

Tekst og handling blir såleis konstruerte undervegs, framfor auga våre, med ganske radikale scenetilvisingar i teksten pluss gjennom regiframlegg på e-post frå Nødtvedt til teatersjefen ved Den Nationale Scene. Ingenting ligg fast her, alt står ope, slik alt stod ope for Henrik Ibsen i 1851, då han var eit diktargeni som enno ikkje hadde funne retninga si.

Vårherres nattpotte

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement