Tru, von og kjærleik
Levi Henriksen skriv om folk som tidt kjem til kort.
Levi Henriksen slo gjennom med eit brak med ein roman i 2004. No har han gitt ut tre noveller.
Foto: Thomas Brun /NTB
Noveller
Levi Henriksen:
Som vi forlater våre skyldnere
Vigmostad & Bjørke
I den første av dei tre novellene i Som vi forlater våre skyldnere er hovudpersonen ein gut i tolvårsalderen, i den andre ein mann i andre halvdel av tjueåra, og i den tredje ein middelaldrande mann. Såleis kan ein sjå reisverket til ei utvikling, men sjølv om den første ser som eit barn, og tenkjer som eit barn, er det ikkje slik at den siste, endå om han er forstandar, har nådd til full forstand og ser alt heilt og ikkje stykkevis. I grunnen er han ikkje i nærleiken av å vera vaksen.
«Apache», heiter den første novella, og hovudpersonen er Markus, som har ei mor som er sterkt religiøs og ein far som han kan hende trur er helikopterpilot i Vietnam. Markus er oppteken av indianarar, særleg dei mest kjende av apachestamma. Og no er det 1970-talet, og somme har fått seg apachesykkel, men ikkje Markus.
Inga risikovurdering
Han er dessutan forelska i Pauline, men ho vert oppvarta av Aksel, ein rikmannsson og apachesyklist i klassen. Slikt lyt det gjerast noko med, og Markus finn på ein lur plan som ikkje har ein gjennomtenkt slutt, og såleis vert guten plausibel for lesaren, også for ein som aldri hadde våga å setja planen i verk sjølv. Konsekvensanalyse og risikovurdering er fråverande, og det gjer i grunnen teksten triveleg å lesa.
Novelle nummer to, «Kanoner under roser», er på bortimot 120 sider, og dette i kombinasjon med eit variert plott som strekkjer seg ut i tid og femner om mange episodar, gjer at teksten er meir roman enn novelle. Her er hovudpersonen den unge, men alt røynde journalisten Enok og den to år eldre bror hans, Seth. Bibelske nemn lyt det vera, må vita, og somme lesarar sit vel berre og ventar på at det skal dukka opp ein som heiter Habakkuk, men der vert ein diverre vonbroten.
Derimot møter me på ei Lilith, og ho får ein sentral plass i teksten. Dei to brørne er gode vener, men litt ulike, Seth er meir maskulin enn broren Enok, og når Lilith vert kona hans, får han det etter kvart for seg at han er steril, utan at han kan syna til særleg overtydande empiri som grunnlag for diagnosen. Under ei elgjakt prøver han hardt å få Enok til å gå med på å gjera Lilith gravid for han, men andsynes dette store spørsmålet vert Enok litt for liten, og eit fenomen som stundom berre så vidt syner seg i periferien av episodane, vert her tydeleg: Personane ter seg framleis som barn.
Den formelle statusen har utvikla seg fortare enn den reelle kapasiteten. Ikkje eingong Paulus er til hjelp for den gruvlande Enok. Så kjem ein gud ut or teatermaskineriet og snur på flisa, og Henriksen får til ein heilskap som er litt konstruert, men som samstundes syner ein djup kjærleik til personane og det miljøet han skriv om og frå, den fiktive bygda Skogli, som det nok er fort gjort å køyra forbi, om ein til dømes kjem frå Oslo. Men då lyt ein berre snu på Flisa og køyra attende mot Kongsvinger.
«Redningsmannen er oppstanden» er tittelen på den siste teksten, ein komedie utan humor anna enn i den tragiske situasjonen: På palmesundag vaknar den kronisk brunstige predikanten Melkior Forfang opp ved sida av ei død kvinne. Ho er gift med ein annan mann. Denne litt tynne teksten punkterer seg sjølv mot slutten, men kan likevel høve som ein idé til ein kortfilm. For Melkior vert tvinga til handling utanom det vanlege, og slikt gjer seg alltid godt visuelt.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.