JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Trøytte menn

Horveis dekadanse vantar eleganse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nils Gullak Horvei.

Nils Gullak Horvei.

Foto: Fredrik Arff

Nils Gullak Horvei.

Nils Gullak Horvei.

Foto: Fredrik Arff

4299
20180810
4299
20180810

Roman

Nils Gullak Horvei:

Rive Rom på én dag

Cappelen Damm

«Venner er en daarlig Race. De duer ikke til andet end til at spise Middag med os samt til at hænge med Hoderne ved vor Grav. Det sidste liker de bedst.»

Orda innleier Arne Garborgs roman Trætte Mænd frå 1891. Det er mykje i Garborgs fin de siècle-roman som minner om Nils Gullak Horveis Rive Rom på én dag: I eit dekadent hovudstadmiljø gjeld det å posisjonere seg gjennom materielle og immaterielle statussymbol, ha den riktige desillusjonerte innstillinga og å forbruke kvinner. Dei drikk dessutan tett på Oslo Vest tidleg på 2000-talet, slik dei gjorde i Kristiania mot slutten av 1800-talet. Særleg går det i fransk burgunder. Båe bøkene ber preg av undergangskjensle, på samfunnet og på individet sine vegner. Båe tematiserer religion: Er religionen ein veg til forsoning og frelse, eller tvert om den største faren av alle?

Facebook

Har då ingenting forandra seg på 120 år? Jau, vi har fått Facebook! Horveis hovudperson er på Facebook døgnet rundt. Nettsamfunnet blir mykje brukt som arena for å kjekke seg i miljøet han tilhøyrer. Dessutan utartar ein kontakt med ei kvinne til utruskap både virtuelt og «IRL» (in real life). Chatteloggane mellom desse to blir refererte over ein del sider og er akkurat så lite pirrande som slike gjerne er for andre enn dei involverte.

Kva anna har vi i dag? Trump og terror. Valkampen i USA i 2016 og trugselen om terror er meir enn eit bakteppe for handlinga, hendingane grip direkte inn i livet til karakterane. Eg-forteljaren driv eit lite forlag og planlegg å publisere ei bok med karikaturteikningar som kan vere støytande for muslimar. Han er gift og har to tenåringsbarn. Særleg dottera står fram som langt meir moden enn foreldra. I det heile oppfører dei fleste vaksne i denne romanen seg som om dei aldri har kome ut av puberteten. Det hjelper ikkje at dei veit om det: «Jeg var blitt trukket inn i virkeligheten igjen. Den var blitt nær. Jeg skulle til å si noe, men kom på at jeg var ti år.»

Akkurat denne passusen er klår og poengtert, og ein tiåring er kanskje nærare seg sjølv enn ein blasert femtiåring. Elles er teksten prega av at han ikkje kjem nær nok, verken når det gjeld hovudpersonen eller dei andre karakterane. Hangen dei har til å tvihalde på ei ironisk og distansert haldning til det aller meste i livet, smittar over på forteljinga sjølv, som difor ikkje engasjerer. Dei mange og lange diskusjonane om innvandring, flyktningkrise og islamistisk terror har for det meste velkjende poeng, og språkføringa utmerkar seg ikkje. Den repeterte parallellen til Romerrikets fall greier ikkje å løfte diskursen. Ein skjønar at det heile er meint å vere samtidssatire, men det er berre sjeldan morosamt. Ein skjønar at det blir hinta om verkelege personar, men hinta er kanskje mest interessante for dei portretterte og parodierte.

Det nye vatnet

Handlinga skrur seg til, i kjend dekadansestil sklir det utforbakke både for hovudpersonen og for andre. Misbruk og valdsbruk eskalerer – ute i verda og i heimen. Under lurer ei tung kjensle av meiningsløyse. Ein pistol blir introdusert, og må jo før eller sidan kome til bruk. Det er eit mannsmiljø vi får skildra, romanen har eit gjennomgåande mannleg blikk på verda. Det er no greitt nok, og gjev eit innblikk i omgjevnader det verkar som forfattaren kjenner godt. Den einaste mannlege karakteren som står fram som både sympatisk og reflektert, er muslim. Han er tydeleg teikna, og møta mellom han og hovudpersonen er noko av det beste i boka. Her fungerer Horveis metode: Diskusjonane mellom desse to er gripande og blir eit skikkeleg innlegg i debatten som forfattaren ønskjer å løfte.

«Hvilket Helvedes Hundehus og Galehospital vilde ikke Verden bli om vi allesammen viste vore sande Træk», blir det sagt i Trætte Mænd. Det er vel heller mangelen på mot til å vise sitt sanne eg som er noko av grunnen til at alt krakelerer. Vi følgjer med gru korleis sjølvbedraget fører stadig lenger vekk frå det som kunne gjeve glede og frelse.

Horveis forteljing maktar ikkje å røre oss i tilstrekkeleg grad.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein skjønar at det heile er meint å vere samtids-
satire, men det
er berre sjeldan
morosamt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis