Triveleg og trivielt
Jorid Mathiassen vil underhalde lesaren utan å gå særleg djupt i materien.
Jorid Mathiassen er forlagsredaktør og debuterer med sin første roman.
Foto: Cappelen Damm
Roman
Jorid Mathiassen:
Der hvite liljer vokser
Cappelen Damm
Jorid Mathiassen, med opphav frå Dønna i Nordland, debuterer i ein alder av 57 år med ein roman som hentar handling frå helgelandskysten. Ho koplar saman nær notid (2009) med hendingar under andre verdskrigen, og lesaren blir kjent med 30-årige Linnea frå Oslo som har slått seg ned på den fiktive Hjartøya, der ho prøver å finne ut av seg sjølv, det nordnorske lynnet og ei tragisk kjærleikshistorie tilbake i 1942.
I det huset Linnea leiger, budde Marie og foreldra under krigen, og da foreldra døydde, tok Marie over huset. I huset finn Linnea fotoalbum, brev og ei adressebok som fører henne på sporet av kven Marie var, og kva som gjorde at ho valde å leve for seg sjølv i alle år etter krigen.
Under krigen reiste ho som tenåring til fiktive Rynes på fastlandet for å hjelpe søstera med pass og stell av ein veksande ungeflokk. Nær garden var det ein leir med serbiske krigsfangar som under brutale vilkår var med i bygginga av det som i ettertid er kalla Blodveien. Skildringa av fangeleiren bygger på faglitteratur kring lagnaden serbarfangane fekk i Noreg, både som gruppe og på individnivå, og Mathiassen viser både til ei kort kjeldeliste og eit tillegg med personlege erfaringar under arbeidet med romanen.
Flukt
Marie blir kjent med ein av fangane på Rynes, Jovan. Ho smuglar mat til han og hjelper han med å flykte til Sverige, men han blir tatt av tyskarane og avretta. Det kunne ha stansa der, men underhaldnings- og triviallitteraturen går gjerne lenger og lar Marie bli gravid og i det skjulte bere fram eit barn som søstera tar inn i familien som sitt eige. Dermed tvingar ho Marie inn i ei slags «glemselens pakt», og dette formar resten av livet til Marie. Likevel testamenterer ho ein større sum pengar til ein nær slektning av Jovan i dagens Serbia.
På notidsplanet er det Linnea som står i sentrum, men her manglar noko av den nerven og innlevinga Marie er skildra med. Også her er det eit barn inne i bildet, men Linnea har fjerna fosteret etter å ha brote med den gifte sjefen i det firmaet ho jobbar for som møbeldesignar. På Hjartøya møter ho Karsten, enkemann med tvillingdøtrer å ta seg av, og sidan han er ein sjarmerande elektrikar, oppstår det fort spenning mellom han og Linnea.
Karl og Edith i nabohuset er godt oppi åra, kvikke og hjelpsame og med kjennskap til det meste som hender og har hendt. Edith har det dessutan med å blande saman ord slik at Paracet blir parasitt, kompott blir komplott, konserveringsmiddel blir konverseringsmiddel, og kona til elektrikaren Karsten døydde ikkje momentant, men monumentalt.
Underhaldning
På den språklege plussida noterer eg også ein tidvis original biletbruk, som når hankatten Arthur gjer seg kjent på den nye plassen «som en firbent Lars Monsen» eller «hvite høyballer lå som marshmellows utover jordene». Men ein kjem fort i tvil når ein får servert dette: «Ikke før hun begynte å hive etter luft, skjønte hun at hun hadde holdt pusten.»
Både omslaget og innhaldet peiker mot feelgood-romanen der målet er å underhalde utan å gjere det altfor komplisert for lesaren. Kanskje er det derfor boka ikkje er påmeld til Kulturrådets innkjøpsordning.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På den språklege plussida noterer eg også ein tidvis original biletbruk.
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.