Bok

Trekantdrama

Graham Swift leverer ein forførande roman om ei svunnen tid.

Graham Swift, som fekk Bookerprisen i 1996, har skrive ei rekkje romanar, essay og novellesamlingar.
Graham Swift, som fekk Bookerprisen i 1996, har skrive ei rekkje romanar, essay og novellesamlingar.
Publisert

Graham Swift har sidan 1980-talet, med romanen Waterland, hatt ein sikker posisjon i internasjonal litteratur. Han fekk Booker-prisen i 1996 for Last Orders (Siste runde på norsk (2002)), og årets roman er den sjette i norsk språkdrakt. Han har ei særskild evne til å skildre dei flytande overgangane mellom fortid og notid der minne, tap og sakn gir ein klangbotn av lett nostalgi og ein lengt etter den uhandgripelege magien i livet.

Konkret magi

I Her er vi er magien heilt konkret, sidan omdreiingspunktet er ein ung tryllekunstnar som opptrer på Brighton Palace Pier sommaren og hausten 1959, før han forsvinn og aldri blir funnen, ikkje av dei næraste, ikkje av politiet. Men før vi når dit, får vi historia om fattigguten Ronnie Deane, som under krigen blir evakuert frå London til ein tryggare stad i Oxfordshire, hos det barnlause ekteparet Lawrence. Eric Lawrence er gammal tryllekunstnar, og no lærer han bort knepa til Ronnie, som går opp i rolla og etter kvart blir den store attraksjonen i Brighton, saman med assistenten Evie White og konferansieren Jack Robbins. Saman blir dei eit trekløver med kunstnarnamna Pablo, Eve og Jack Robinson.

Men trekantar har ein tendens til å gå i oppløysing, for sjølv om Ronnie og Evie forlovar seg, blir det Jack som endar opp med Evie, og som enke i 2009 tenkjer ho tilbake på dette året dei tre hadde saman, 1959, og på kva som eigentleg hende med Ronnie.

«Man kunne iscenesette utrolige forvandlinger, men ikke endre de grunnleggende tingene i livet», heiter det ein stad. Men magiens og illusjonens verste fiende er det verkelege, og Ronnie Deane blir stadig konfrontert med ei røynd som han ikkje kan trylle bort, sjølv om han utfører spektakulære og nærast uforklarlege nummer.

Far hans var fjern og fråverande, sjømann og krigsseglar, og litt ut i krigen er han borte på havet. Mora overlever på strøjobbar, og når krigen er over, blir Ronnie levert tilbake frå fosterheimen og må greie seg sjølv med det han har lært – å trylle fram eller trylle bort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement