JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tre for glede, soge, helse og miljø

Ole Mathismoen veit å fornye seg, og Stig B. Hansen fotograferer nyansert og vakkert. Begge leikar dei med forteljinga slik at ho ofte spring i krokar der ein minst ventar det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gammalasken ved Halsnøy kloster i Kvinnherad er minst 550 år gammal.

Foto: Stig B. Hansen

4603
20191213
4603
20191213

Sakprosa

Ole Mathismoen og Stig B. Hansen (foto):

Trettitre norske trær – og hva de har vært vitne til

Cappelen Damm

Journalist i Aftenposten Ole Mathismoen og fotograf og biletsjef i same avis, Stig B. Hansen, har saman gjeve ut boka Trettitre norske trær og hva de har vært vitne til. Dei vel ut trea, plasserer dei omkring i landet vårt, fortel korleis det rislar i lauvet, syner korleis dei strekker opp kronene sine, kva namn treet ber, kva det har vorte nytta til, kva for insekt, fuglar og andre dyr som romsterer i holromma hennar, og kva for menneske som har fridd, elska eller gråte under treet.

Kulturhistorie

Trea fortel ofte kulturhistorie slik som den gamle eika på prestegarden i Krødsherad som Jørgen Moe dikta om, og som dinest vandra rett inn i kultursoga, litteratursoga og bygdesoga. Eika minner oss om den åndelege styrken vi treng når uvêret riv i oss og vi byrjar å tvile på alt.

Eit minne om Petter Christen Asbjørnsens er òg knytt til kronene på ei gammal eik, der han forlova seg med den unge, vakre Carolina Marianne. Men Carolina vart tvinga til å seie opp hopehavet med den unge studenten, og det hjelpte ikkje at Berte Tuppenhaug budde i nærleiken. Eika vert i dag kalla Asbjørnsen-eika, og Stig B. Hansen har fanga henne i blått og skimrande lys ein vinterdag på Romerike.

Dei to bokskaparane vandrar rundt i Noreg i notid og fortid som ein annan Aasmund Olavsson Vinje. Dei følgjer Henrik Wergeland som planta tre på Hovedøya, dei vitjar almetreet på Vollebæk, som Christian Magnus Falsen sat og såg på medan han skreiv utkastet til Grunnloven. Mathismoen og Hansen dreg også til Halsnøy i Hardanger for å fange opp det vakre, ruvande asketreet der folk i gamal tid skava av barken og kokte eit brygg som skulle hjelpe mot nyrestein, forstopping, smerter og gikt. I seinare tider har ein plukka lauv av asketreet og kokt det, fordi ein trudde avkoket kunne hjelpe mot kreft. Eg har sjølv høyrt til dei som i alle fall halveges trudde slikt.

Detektivarbeid

Desse og andre historier er fletta inn i dei journalistiske ferdaminna, anten det gjeld polititrea i Vika, poplane som dei prostituerte i si tid vandra forbi, og som veks der enno. Her opptrer Mathismoen som detektiv av eldre årgang og lukkast. Gravensteinepla i Gvarv har han òg gjort ein visitt til, likeins landets største kastanjetre i Ås i Akershus, der han fortel ei interessant soge om kastanjar i Noreg. Vi får mellom anna vite at dei ville hestekastanjane i Europa og Noreg er raudlista og vert sett på som ei overleving frå ein annan klimaperiode.

Sogene om tre er vovne inn i soger om biokjemi, økologi og biologisk samspel, og fortalde av ein som kan vegetasjonshistorie. Men forfattaren fortel også personlege historier mellom anna om sin eigen familie, som i soga om «Farmors store hengebjørk» frå Nesbyen i Hallingdal. Hengebjørker toler godt både kulde og varme, og det er det Gud betre mykje av i Nesbyen! Dei treng tørr sandjord, og dei er symbol på fortid og livskraft, skriv Mathismoen, og dreg også fram den ikkje heilt adekvate historia om den blodige beltespenninga som bryllaupsgjestene i dalen mora seg med i gamal tid. Vi tilgjev han gjerne.

Ferdabok

Endå to soger frå informasjonsmylderet i denne boka: Den eine handlar om barlindene på Vestlandet, i Wales, i England og verda rundt. I 100-årskrigen på 1300-talet skaut dei engelske fotsoldatane med barlindbogar, slik at pilane kløyvde dei franske riddarrustningane og drap tusenvis. Langbogen gjorde England til ei militær stormakt. Barlind er likevel så mykje meir. Trevirket vart tidlegare brukt til kjølar på båtar fordi det var så sterkt. Treet inneheld ei gruppe cellegifter som vert brukte i kreftbehandling. Det er dessutan det eldste i Europa og kan bli 5000 år gamalt. Eg har nett hogd ned fleire av dei i hagen vår, men det var før eg lærte dette. I Catalonia er det funne ein 7000 år gamal boge av barlind, men det hjelper nok heller ikkje katalanarane i frigjeringskampen sin.

Til sjuande og sist er denne boka ein natursti ein kan vandre på mange gonger, og vandringa vil skape innsikt, respekt og undring for skogen og trea. Det er i seg sjølv eit lite under. Dessutan er ho ei ferdabok som kan bringe ein rundt i landet vårt for å sjå, oppleve og lære.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til sjuande og sist er denne boka ein natursti ein kan vandre på mange gonger.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis