Bok
Trapeskunstnarar på vitjing i verda
Stilsikker debut av ein forfattar med stor humanistisk kapital.
Edel Maria Landsem debuterer med ei novellesamling.
Foto: Torstein Olav Eriksen
Skilnaden på den indre og den ytre verda er til tider plagsamt stor. Draumen vert dementert av røynda, det kan ein merka i og på seg sjølv, men ikkje på eller hjå dei andre. Ei oppgåve kunsten kan ha, er å leggja dei subjektive røynslene, ambisjonane og dagdraumane til den objektive protokollen.
Debutanten Edel Maria Landsem er særs merksam på dette skiljet mellom det indre og det ytre. Det er noko som ofte går att i dei 24 tekstane, saman med andre repeterande element som nøtteskriker, trapeskunstnarar, gjøglarar, små, gamle menn, Albert Einstein, smaragdaugo, eller den nøkterne og presise skildringa av stader kringom i verda.
Presise skildringar
Ting og tankar er kvar for seg på same stad, men just i kunsten, som hjå Landsem, kan dei førast saman, når det observerande subjektet registrerer det objektive, til dømes i teksten «Chronos», der ein passasje vert til eit tingdikt i prosa når ho som fører ordet, ser på det som går føre seg i klokketårnet i Bern: «En sirkel i gull som danner en sirkel i sort som med sine romertall danner en sirkel i gull som danner en sirkel i rødt som med sine gullkvadrater danner en sirkel i sort som med sine streker i gull danner metallsirkler som snor seg rundt og rundt ut fra veggen og danner et kaos i metall som danner en sirkel i sort med dyreskikkelser i gull.» Dette skulle profeten Esekiel ha sett!
Med presise skildringar utan ornamentikk får Landsem fram alle dei scenene ho vil syna lesaren, men underteksten er heile tida der som dette skiljet mellom det som vert sett, og den som ser, altså finst det eitkvart mellom subjektet og objektet, det som ikkje er synleg, men som er der likevel.
I somme av tekstane er det konkrete relasjonar mellom folk som står i sentrum, men då slik det tek seg ut for ein av dei. Her er det ikkje først og fremst den gode kommunikasjonen mellom folk som får prioritet, men helst den mangelfulle. Konfliktane er tydelege, somme av dei uturvande, med ein protagonist som ikkje er 100 prosent hemma av sosiale konvensjonar, men som også er merksam på eit anna skilje enn det som går mellom det indre og det ytre, nemleg korleis ein vil vera, og korleis ein er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.