JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Tida er punktert

Andrzej Tichys fjerde roman er ein forvitneleg montasje av skilsetjande hendingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andrzej Tichy vart fødd i Tsjekkoslovakia, men bur no i Sverige

Foto: Anders Hansson

3602
20180928
3602
20180928

Roman

Andrzej Tichy:

Kairos

Omsett av Gunstein Bakke
Samlaget

Då dei gamle grekarane ikkje var så eldgamle, forstod somme av dei at tid ikkje alltid er eit eins omgrep, ein har tida som går og går, som dei kalla khronos, men ein har også augneblinkar, den rette tida eller den urette, den avgjerande tida, og som nokre av grekarane då gav namnet kairos.

I romanen Kairos av den svenske forfattaren Andrzej Tichy, som er fødd i gode, gamle Tsjekkoslovakia og har både polske og tsjekkiske anar, skjer lite kronologisk. Romanen er ein montasje i fasettblikkstil av viktige augneblinkar i verda det siste hundreåret, sette av ulike individ, får me tru, for det er ikkje alltid lett å forstå posisjonen og identiteten til den som står i sentrum for og av observasjonane. Stundom er det eit kollektiv som ser terrorhandlingar, krigstilstander, demonstrasjonar, vald, brann og så vidare, andre gonger får lesaren tydelegvis dela opplevingane til ei kvinne som skriv førenamnet sitt, Johanna, på ymse vis, og som ser ut til å heita Dark til etternamn, og det minner då om fiksjonskarakteren Joanna Dark, kjend frå somme dataspel, men hjå Tichy er ho ikkje ei heltinne i hollywoodtradisjonen. I boka er eg-personen også forfattaren Peter Weiss, som går i terapi i Alingsås om lag på den tida då Karin Boye tek livet av seg der. Mest av alt er likevel romanen fri frå kravet om handlande subjekt, han er utan plott eller intrige, men likevel svært fascinerande og inspirerande lesnad. Der forteljinga absolutt høyrer til i khronos, den strøymande tida som kan gje lesaren ei slags von om løysing, syner Tichy at det som skjer, ikkje på nokon rettvis måte kan samlast i eit såkalla narrativ.

Kollasj

Fråværet av ein eigentleg hovudperson, og opp- og nedturar for denne, gjer at lesaren ikkje vert engasjert i ei handling. Kairos er såleis ikkje skriven for å appellera til kjenslelivet, men heller som ein protokoll over det faktiske, presentert som ein kollasj i ulike sjangrar, her er teatersekvensar, dikt og essay, og drøftingar av sentrale spørsmål på ein slik måte at lesaren vert inspirert til å finna nye argument. Korleis skal ein til dømes få til fred mellom dei som har mykje og dei som har lite? Løysinga burde liggja hjå dei ressurssterke, men frå den kanten ser ein ikkje anna enn tvihalding på makta, og stadig med nye våpen. Det mest populære nett no er å skyta fredelege demonstrantar og legitimera handlinga med at dei ikkje var fredelege likevel, som me veit, og såleis alliera seg med han som grunngav ein verdskrig med orda: «Seit 5:45 Uhr wird jetzt zurückgeschossen

Punktert tid

Forteljinga som sjanger er religiøs i si – om enn oftast umedvitne – insistering på innleiing, utvikling og løysing, og fungerer som opium, eller snarare heroin, for folket. Den er vanedannande, men også fordummande. Tichy skriv utan forkynning eller forførande kunster om den punkterte tida, rett nok med vekt på dei vonde hendingane, truleg av di det er heller langt mellom globale gladsaker, og han skriv det med klokskap og imponerande kunnskap. Av ein eller annan grunn fekk boka meg til å minnast eit dikt av Georg Johannesen, «Diktet fortsetter å slutte», som endar med orda: «Diktet slutter å fortsette.» I forteljingas tidsalder er det vel rett å leggja til at slutten held fram med å dikta, men at Andrzej Tichy representerer eit anna synspunkt, der framhaldet sluttar å dikta.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tichy skriv med klokskap og
imponerande kunnskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis