Bok

Thomas tvilaren

Journalist og bloggar Kristin Storrusten debuterer som barnebokforfattar med Svart lego. I boka møter vi ti år gamle Thomas. Han er ein lesehest. Han les i Bibelen og låner bøker på biblioteket, fleire i slengen. Bibelordet «Han jubler over deg med fryd» fylgjer Thomas gjennom historia, men guten tvilar med namnebroren i bøkenes bok.

Heime bur mor, far, veslesøster og storebror. Og farmor, meir eller mindre. Begge søskena er sjuke. Broren har angst og allergi, systera har ein kromosomfeil og må få maten gjennom sonde i magen. Familien kjempar seg gjennom kvardagen med kristne verdiar som rettesnor.

Ein hovudkonflikt i historia finst i relasjonen mellom farmor og Thomas. Han likar henne rett og slett ikkje. «Jævla kjerring», seier han til slutt og kjenner kor godt det er å banne.

Eit hovudproblem med historia er at denne konflikten er uklar og berre ein av mange. I tillegg unngår forfattaren å prioritere karakterane sine, alle skal fram. Ikkje berre familien på seks, men også dei to venninnene i klassen, ein prest og ein ambulansesjåfør.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement