«Tenk at noe så pent kan si noe så stygt»
Katti Anker Møller var kvinnesakspioneren som la grunnlag for velferdsstaten.
Katti Anker Møller fotografert kring 1910.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket
Sakprosa
Hege Duckert:
Katti Anker Møller. Å bestemme over livet
J.M. Stenersens Forlag
Det var ingen andre i godseigarfrue Katti Anker Møllers tid (1868–1945) som våga skrive og tala som henne. Vi hadde tapt år med avgjerande endring om ho hadde valt å stelle roser på Thorsø-godset i Østfold.
Journalist og forfattar Hege Duckert har gitt seg i kast med nok ei bok om norsk kvinnehistorie: Katti Anker Møller. Å bestemme over livet, etter ein fruktbar start i 2021 med Norsk kvinnehistorie på 200 sider. Kanskje overraskande har ho valt å skrive ein biografi om Katti, døypt Cathrine, Anker Møller. Det er berre to år sidan Jens Olai Jenssen og Elisabeth Lønnå gav ut sin gode biografi om henne, der den kontroversielle folkehøgskolen Sagatun på Hamar har større plass. Der voks ho opp i eit frilynt og opplyst miljø. Men faren Herman Ankers dårlege styring av økonomien og hennar bekymring for helsa til tibarnsmora Mix kasta skuggar.
Eit levande portrett
Hege Duckert set seg eit høgt mål for denne velskrivne boka på 512 sider: å gjera Katti Anker Møller «kjent som hun virkelig var». Det er kanskje å legge lista høgt, sjølv med grundig gransking av historiske kjelder, private brev og dagbøker. Men det er eit levande portrett ho skriv fram. I tråd med målsettinga går Duckert nær inn på Katti Ankers personlege liv, på ektemannen Kai Møller og dei tre barna deira.
Det er fornøyeleg å få vite at da Katti Anker tjue år gamal skal gifte seg med godseigar Kai Møller på Thorsø herregard ved Fredrikstad, strevar ho med å finne ein prest som vil endre vigselsritualet: Ho vil ikkje svara ja på at mannen skal «herske over deg». Den kloke biskopen på Hamar endrar ordlyden. Historia om seksualangst i forlovingstida kallar også på smilet, og den ni år eldre Kai Møller framstår der som ein klok mann.
Det viser han også i gardsdrifta og engasjementet i samvirketanken. I 1896 tok han initiativet til det som vart Felleskjøpet, og seinare til Bøndernes hus i Oslo, inkludert Bondeheimen og Kaffistova. Han sat på Stortinget for Venstre i 1900–1903, og opphald i Oslo betydde mykje for at Katti Anker våga seg ut i det offentlege rommet med hjartesakene sine: Ho forstod at ho kunne arbeide politisk utan å vera politikar. I foredragskjolen sin reiste ho landet rundt. Men ho var nervøs når ho steig opp på talarstolen, og fekk beskjed om å snakke høgare.
«Fødemaskin»
Katti Anker har alt som fjortenåring blikk for kvinners situasjon, ho skriv til bestevenninna kort tid etter at mora har fått nok eit barn: «Ekteskapet er en felle som stenger kvinnen inne og gjør henne til fødemaskin.» På trappa på Sagatun, i ein samtale mellom vennen Johan Castberg og mora Mix Anker, høyrer ho at kvinner som tek abort, kan bli fengsla i tre år. «Var det mulig at en makt utenfra kunne rå over mitt indre?» skriv ho i dagboka.
Gjenklangen av dette spørsmålet ligg i ei av dei mest kjende ytringane hennar: «Grunnlaget for all frihet må være rådighet over egen kropp og hva i den er. Det motsatte er en slaves tilstand.» I tillegg til moras mange uvelkomne svangerskap var ho både heime og seinare på Thorsø vitne til tenestjentenes botnlause fortviling når dei vart uynskt gravide. Jentene fekk sparken og beskjed om å reise heim til foreldra med skamma.
Enkelte fjerna fosteret med risiko for eige liv og fengsel, andre drap seg sjølve eller barnet. Duckert er opptatt av å synleggjera tenestjentene, men finn kjeldematerialet magert. Ein av få merknader eg har, er når Duckert skriv: «Når jurene er tømt, går jentene rett i gang med å skumme fløten.» Det ville også bli magert. Mjølk lyt stå ei stund før ein kan skumme fløyten, elles må det separator til.
Kravde fri abort
Det mest radikale kravet Katti Anker Møller stilte, var fri abort. Først i 1967 gjentok Åse Lionæs kravet frå Stortingets talarstol, modig også den gongen. Ho oppretta mødreheimar for einslege kvinner, og i 1924 det første mødrehygienekontoret, som gav kvinner prevensjon og kunnskap om kropp og seksualitet. Ho kravde at staten skulle stille opp økonomisk for mødrene, særleg for dei einslege.
Ho meinte også at lova frå 1923 om at kvinner må ta ektemannens etternamn fordi han var «familiens overhode», måtte fjernast. Ho ville ikkje likt at det skjedde først i 1979, og kanskje hadde ho rista på hovudet av resultatet frå Statistisk sentralbyrås undersøking frå 1980–2002 av val av etternamn: Åtte av ti kvinner skiftar til ektemannens namn.
Ho møtte ofte ein isfront, også frå mange kvinneorganisasjonar der «sedeligheten» stod høgt på dagsordenen. Hennar syn på at kvinner sjølve skulle bestemme i abortsaka, møtte sterkaste motstanden. Men ho fekk varm støtte frå kvinner i arbeidarrørsla for mange av kampsakene sine, også dei mest brennbare. Samfunnsstøtter, legar, forfattarar, blant dei Hamsun og Undset, skreiv etsande innlegg og skulda fru Møller for å vera usedeleg, eit farleg stempel for kvinner. Det gjer tilmed kvinnesaksforkjemparen og pedagogen Ragna Nielsen: «Tenk at noe så pent kan si noe så stygt.»
Da går forfattaren Nini Roll Anker «rett i strupen» på Nielsen, med ord som rammar tidsånda og Nielsens generasjon, for der ligg «alt som angår kjønnsforholdet i kirkens og den kristelige mannfolksmorals slagskygge». I familien og frå ektemannen får ho full støtte: «Deg holder jeg av og deg beundrer jeg og deg ser jeg opp til og deg vil jeg ha, den gang og nå og alle dager», skriv Kai Møller til henne etter 25 års samliv.
Store sigrar
Men ho feira også store sigrar. Dei Castbergske barnelovene frå 1915 var både Venstre-statsråd Johan Castbergs og hennar verk og gav blant anna barn fødde utanfor ekteskap ein omstridd rett til arv og namn etter far. Her var Noreg tidleg ute – i Sverige kom ei liknande lov først i 1967.
Kva enkeltmenneske betyr for samfunnet og oss alle, er sterkt oppmuntrande, i andre høve skremmande. I motsetnad til Jenssen og Lønnå går ikkje Duckert inn på korleis den tyske okkupasjonen reiv ned livsverket til Katti Anker Møller. Men ho fekk oppleva freden og rosehagen på Thorsø før ho døydde i 1945.
Å bestemme over livet er ei medrivande historie om korleis Noreg i tida frå 1880-åra fram til 1940 blir eit meir rettferdig samfunn. Det er verdifullt at gode pennar gjer tilgjengeleg kampar for eit meir likestilt samfunn, kampar vi ikkje eingong i Noreg heilt ser enden på. Katti Anker Møller stod i stormen, nå gleder vi oss over at er ho i vinden.
Astrid Brekken
Astrid Brekken har vore programleiar i NRK og var i 1970-åra med på å skipe feministbladet Sirene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å bestemme livet er ei medrivande historie om korleis Noreg i tida frå 1880-åra fram til 1940 blir eit meir rettferdig samfunn.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.