Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Teksten opnar seg på nye måtar

Anne Carson har gjendikta myten om Geryon og Herakles på originalt og rikt vis.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anne Carson vart fødd i Toronto i Canada i 1950 og er av dei fremste samtidspoetane i Nord-Amerika.

Foto: Einar Falur Ingólfsson

2808
20211203
2808
20211203

Versroman

Anne Carson:

Rød selvbiografi

Gjendikta frå engelsk av Tone Hødnebø
Kolon forlag (2021)

Den kanadiske poeten og professoren i klassiske studium Anne Carsons Rød selvbiografi frå 1998 er i høgste grad eit variert, samansett og rikt litterært verk. Teksten opnar seg på nye måtar heile tida. Særleg i brotkantane mellom dei ulike teksttypane har lesaren høve til å gjere bråe, uvande koplingar. Samstundes må det seiast at dette ikkje er tekstar det er vanskeleg å trengje inn i.

Boka er sjangermerkt som «versroman», og i denne tekstlege hybriden vert lesaren, mellom mykje anna, først presentert for noko som liknar ei akademisk utlegning (innhaldslista er som henta frå ei avhandling), så ei gjendikting av fragment etter poeten Stesikhoros, fødd 650 fvt., og etter nokre andre kapittel kjem ei modernisert og anakronistisk omskaping av myten om Herakles og Geryon – no plassert i samtida vår. Denne forteljinga utgjer hovuddelen av boka og er skriven på ein eigenarta, drivande poetisk prosa.

Tre hovud

Ifølgje myten var Geryon eit monster med tre hovud som budde på den raude øya Erytheia og hadde ein buskap av raudt kveg. Eit av Herakles’ storverk var at han stal kveget til Geryon. Det uvanlege med fragmenta til Stesikhoros er at perspektivet ligg hos monsteret Geryon, ikkje hos helten Herakles, noko Anne Carson vidarefører i si forteljing.

I den moderne utgåva møter vi Geryon som barn, han vert misbrukt av broren, har eit godt forhold til den sigarettrøykjande mora og utviklar i tenåra eit homofilt forhold til Herakles. Der den antikke Herakles stel det raude kveget, stel og øydelegg Carsons Herakles hjartet til Geryon. Den moderne soga endar i Lima i Peru med eit trekantforhold. Kanskje kan ein sjå trekantforholdet som ein konstellasjon av dei tre monsterhovuda til den klassiske Geryon.

Blod eller kjærleik

Jamvel om den attskapte myten om Geryon utgjer hovudbolken av boka, får ein også servert kunnskapsrikt stoff om poeten Stesikhoros. Til dømes skal han ha vorte blinda av Helena fordi han ærekrenkte ho. Då han i eit seinare verk lovpriste Helena, fekk Stesikhoros synet attende. Tilhøvet mellom det synlege og ikkje-synlege (blinde) spelar også ei rolle i Rød selvbiografi.

Og kva med sjølvbiografien? Dette er fargen raudts sjølvbiografi, altså blodets eller kjærleikens sjølvbiografi. Kanskje gøymer Geryon seg bak monstermaska si slik forfattaren gøymer seg bak monsteret Geryon, og slik teksttypane i boka gøymer seg bak kvarandre. Men dei opnar seg når ein ser dei i lys av kvarandre.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tilhøvet mellom det synlege og ikkje-synlege (blinde) spelar også ei rolle i Rød selvbiografi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis