Tankens musikk
Yoko Onos tekstar er forfriskande konseptkunst med tydelege poetiske dimensjonar.
Simen Haerup har gjendikta Yoko Onos tekstar frå engelsk.
Foto: Christian Ditsch
DIKT
Yoko Ono
Grapefrukt
Gjendikta frå engelsk av Simen Hagerup
Kolon forlag, 2022
Yoko Onos Grapefruit vart publisert for første gong i 1964 og kom i ein utvida versjon i 1970. Boka er rekna som eit døme på konseptkunst. I konseptkunsten er ideen eller utføringa ein like viktig meiningsberar som det ein kan sjå i det materielle resultatet. Ofte kan konseptkunst verke konstruert og ha noko sterilt og utvendig over seg, i og med at ideane har ein så framskoten plass, men tekstane i Grapefrukt har tydelege poetiske dimensjonar ved seg, i tillegg til at dei er refleksjonar over kunstnariske praksisar.
Mogleg verk
Boka består av ei rad handlingsinstruksjonar til tenkte kunstverk. Typisk er teksten «Maleri for å se rommet»: «Bor et lite, nesten usynlig, hull/ i midten av lerretet og se/ rommet gjennom det». Teksten kan minne om utkast til ein performance. Det er som om denne og dei andre tekstane peikar på eit enno ikkje realisert, men tenkt og mogleg verk. Vekta ligg på aksjon, praksisar som set noko i gong og skaper «et syn i tanken».
I ein av dei meir teoretiske tekstane skriv Ono noko om den konkrete bakgrunnen for framgangsmåten, og kva han fører til: «Metoden kan føres tilbake til andre verdenskrig, da vi ikke hadde noe annet å spise og broren min og jeg utvekslet menyer i lufta.»
Sjølv om tekstane nesten manisk føreskriv handlingsutkast, og altså ofte verkar å nytte same grep, får ein som lesar likevel inntrykk av overskot, overraskingar og mangfald. Ei rad tekstar er skrivne til ulike kunstformer, til musikk, biletkunst og dans. Ono blandar også teikningar med tekst, lagar spørjeskjema, skildrar framføringar, presenterer program og brev eller kjem med ein fotnote til eit føredrag. Slik sett lever tekstsamlinga opp til Onos syn på grapefrukta: «Grapefrukt er en hybrid av sitron og appelsin.»
Humor
Somme tekstar eig ein underfundig eller absurd humor: «Lag en maske som er mindre enn ansiktet ditt./ La den drikke vin i stedet for deg.» Andre gir lesaren ei intuitiv kjensle av venleik og sanning: «En drøm du drømmer alene kan være en drøm,/ men en drøm som to mennesker drømmer sammen,/ er en virkelighet.»
Fordi tekstane peikar ut over seg sjølv, mot eit anna, nytt imaginært verk i hovudet på lesaren, eller «tilskodaren», er dei forfriskande. Dei gjer oss merksame på dei sosiale praksisane og det frigjerande momentet i førestillingsevna vår. Men kanskje kan ein reagere litt på det autoritære som gjennomsyrer bydeforma i handlingsføreskriftene, sjølv om all kunst i nokon mon krev at ein underkastar seg, i freistnaden på å forstå han.
SINDRE EKRHEIM
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane peikar ut over seg sjølv, mot eit anna, nytt imaginært verk i hovudet på lesaren.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.